Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Stipendiatstillingar i marknadsføring og innovasjon

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Sogndal Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Ove Oklevik
+47 57 67 63 23

Søknadsfrist

1. juni 2023 Søk på stillinga her

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om lag 2780 studentar og 140 tilsette.

Det er elleve bachelorprogram og fire masterprogram ved fakultetet. FØS har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN). FØS er også vertsfakultet for doktorgradsprogrammet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL. FØS har det faglege og administrative ansvaret for programmet.

Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har om lag 1500 studentar og 100 tilsette. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har seks bachelorprogram og to masterprogram.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 2 mellombelse stillingar som stipendiat (100%) i marknadsføring og innovasjon ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, campus Sogndal.

Stipendiatane skal gå inn i eit godkjent opplegg for ph.d.-utdanning innanfor ei tidsramme på 4 år der 25% av arbeidstida vil vere pliktarbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon. Pliktarbeidet skal utførast ved Høgskulen på Vestlandet.

Stipendiatstillingane er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL og det er ein føresetnad at dei som blir tilsett har arbeidsstaden sin ved Institutt for økonomi og administrasjon ved campus Sogndal.

Det er ønskjeleg med tiltreding 01.08.2023.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stipendiatstillingane er knytt til forskingsgruppa Markedsføring, reiseliv og innovasjon.

Søkjarar til stillingane bør ha interesse for å forska på korleis nye teknologiar påverkar viktige marknadsføringsaktivitetar og deira kopling til berekraftig forbrukaråtferd og bedrifta si yting. Korleis psykologiske faktorar påverkar kundeadferd er også relevant og tema knytt til identitet og oppfatning av autentisitet er sentrale her. Potensielle prosjekt bør utforske synergiar mellom nye teknologiar, psykologiske faktorar og marknadsføringsaktivitetar langs verdikjeda, inkludert strategi og planlegging - grunngjevinga bak og samsvaret med kundane sine forventningar og åtferd.

Vi søkjer høgt motiverte kandidatar med sterk interesse for å publisere forsking i nasjonale og internasjonale tidskrift, og for å delta på konferansar.

Det er ein føresetnad at stipendiaten sitt prosjekt blir innretta slik at stipendiaten kan takast opp på ph.d.-programmet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling (RESINNREG). Rettleiar vil saman med kandidaten utarbeida ein detaljert plan for forskarutdanninga, som skal knytast til opptak på ph.d.-programmet. Sjå omtale, studieplan og opptakrav for programmet på hvl.no: Ph.d.-programmet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling.

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ei eventuell tilsetjing som stipendiat. Seinast 3 månadar etter tilsetjing må stipendiaten ha fått opptak på det aktuelle ph.d.-programmet. Meir informasjon om tilsetjing i stipendiatstilling finn du på hvl.no: Tilsetting i stipendiatstilling - Høgskulen på Vestlandet.

Kvalifikasjonskrav:

Stillingane har slike krav:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad innanfor marknadsføring og innovasjon, til dømes Master of Science in Business. Andre mastergrader med høg relevans for fagområdet kan vurderast
  • Mastergradsoppgåva skal vere levert til vurdering innan søknadsfristen for stillinga, og mastergraden (120 stp.) skal vere godkjent seinast 4 veker etter søknadsfristen.
  • Den som blir tilsett må dekke krava til opptak til Ph.d.programmet RESINNREG. Opptak krev normalt karakteren B eller betre på masteroppgåva og eit gjennomsnitt på C eller betre for studiedelen. Du finn meir informasjon om opptakskrava her: www.hvl.no/studier/studieprogram/ansvarleg-innovasjon-og-regional-utvikling/
  • Gode ferdigheiter i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med prosjektarbeid, formidling og rettleiing
  • Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga
  • Faglege kvalifikasjonar innan temaområdet i prosjektet
  • Relevant metodekompetanse
  • Internasjonalt nettverk

Personlege eigenskapar:

  • Gode føresetnadar for å gjennomføre doktorgradsutdanninga i løpet av stipendiatperioden
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
  • Evne til å arbeide effektivt og systematisk
  • Gode samarbeids- og formidlingsevner
  • Gode analytiske ferdigheiter
  • Evne til nytekning og gjennomføring

Prosjektskisse:

Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektbeskriving på maks fem sider. Skissa skal skildre tema, problemstillingar, val av teori og metode, og plan for gjennomføringa av prosjektet.

Den førebelse prosjektbeskrivinga vil bli nytta i vurderinga av kandidaten sine kvalifikasjonar og er ikkje den endelege prosjektbeskrivinga. Stipendiatprosjektet vil bli vidare utforma i samråd med hovudrettleiar.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV via denne siden: Stipendiatstillingar i marknadsføring og innovasjon (243713) | Høgskulen på Vestlandet (jobbnorge.no).

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder prosjektskissa, masteroppgåva/hovedfagsoppgåva og inntil 5 vitskaplege arbeid som du ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksame på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og at slik søknad bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen for stillinga, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på grunnlag av dokumentert kompetanse. På grunnlag av utvalet si innstilling, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju. Tilsetjinga skjer i tilsetjingsutvalet ved gjeldande fakultet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for tiltreding i stipendiatstillinga.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Førsteamanuensis Ove Oklevik, Ove.Oklevik@hvl.no / +47 57 67 63 23
  • Assisterande instituttleiar Ingunn Skjelbreidalen, Ingunn.Skjelbreidalen@hvl.no / +47 57 67 63 42

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på http://www.hvl.no/.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde