Lærar i musikk- og kulturskulen Bilde

Lærar i musikk- og kulturskulen

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Aurland kommune Aurland Fulltid

Me har ledig

ei fast 100% stilling som musikklærar ved musikk- og kulturskulen. Me søkjer etter ein dyktig og engasjert lærar som kan undervise på fleire instrument. Det er ynskjeleg at du kan undervise på gitar, bass, trommer, band med meir. Det er fint om du skriv kva instrument du kan undervise i i søknaden. Det er også ein fordel om du kan dirigere korps og kor, og at du har kompetanse innan lyd- og lysteknikk. Musikk og kulturskulen er organisert i kultureininga, men kommunen er i ei omstillingsfase der det vert gjort organisatoriske endringar. Dette kan medføre at delar av stillinga vil innebere undervisning ved andre einingar i tillegg. Me tilbyr mange fag til elevane våre som dans, biletkunst, samt opplæring på ei rekkke ulike instument. Det er seks lærarar ved kulturskulen, og me ser fram til å få ein ny kollega som brenn for musikk og samspel. Vi held til i fine lokale i Aurland idrett- og samfunnshus. Frå hausten av vert det lagt opp til undervisning ved Flåm skule, så det er ynskjeleg at du har førarkort.

Arbeidsoppgåver

- Individuell undervisning av elevar på ulike instrument

- Gruppeundervisning i grunnskule og barnehage

- Dirigering av korps/ kor

- Teknisk ansvarleg for lyd og lys

- Samarbeid med andre kommunale tenester og det frivillige musikklivet i Aurland

- Samarbeid om konsertar og arrangement

- Samarbeide for å få til eit breitt kulturskuletilbod

Me tilbyr

- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.

- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.

- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen.

- gratis inngang til symjebasseng etter kl. 20.00

- hjelp til å skaffe bustad

- hjelp til å skaffe barnehageplass

- hjelp til å skaffe arbeid til partnar

Sjå gjerne informasjonsbrosjyra vår: https://www.visbrosjyre.no/Aurland_kommune/MailView/

Kvalifikasjonar

- Høgskuleutdanning innan musikk og undervisning, eller har relevant praksis i musikkfaget

- Du kan undervise på fleire instrument som gitar, bass, trommer og band

- Du kan dirigere korps/ kor

- Du er engasjert og likar å undervise barn og unge

- Du er erfaring og kunnskap om lyd og lysteknikk

- Du er datakyndig

- Det er ein fordel at du har erfaring med undervisning

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Politiattest må leggast fram.

Krav til språkkunnskapar

Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk

som målform. Gode engelskkunnskapar tel positivt.

Aurland kommune Kulturbilde