Visste ingenting om Sogn og Fjordane – no har ho søkt tre jobbar der

Skriven 31.01.2019 under Nyheiter

Då det dukka opp ein annonse for Framtidsfylket karrieremesse, måtte Tonje Hansen (24) google Sogn og Fjordane. Tre jobbsøknadar vart resultatet av messa.

– Eg hadde absolutt null kjennskap til Sogn og Fjordane. Det er ikkje akkurat det fylket du hukar av på når du søker jobb på Finn.no, ler ho.

– Då eg googla Sogn og Fjordane, skjønte eg at det var eit eldorado for randonee og toppturar. Det var nok til å gjere meg nysgjerrig, seier Harstad-jenta, som til dagen studerer ved NTNU.

Saman med kompisen Joakim Gaarder (29) frå Drammen, bestemte dei seg for å besøke Framtidsfylket si karrieremesse i Trondheim.

Positivt overraska

–  Vi ville vite meir om kva jobbar vi kunne få i Sogn og Fjordane, og eg hadde allereie lese om traineeprogrammet til Framtidsfylket. Eg ringte faktisk til Intin i Førde og spurte kvifor dei ikkje var på messa. Eg kunne godt tenke meg ein prat med dei. Dei beklaga at dei ikkje kunne vere der, og bad meg om å sende ein søknad. Det skal eg gjere i kveld, smiler Hansen, som har master i Teknologi, kunnskap og samfunn.

Hansen og Gaarder var innom dei fleste standane på messa, og sat igjen med eit heilt nytt inntrykk av Sogn og Fjordane og jobbmoglegheitene der etter å ha prata med bedriftene.

– Vi har vore på mange karrieredagar, og aldri før har vi opplevd at bedriftene er meir «på». Og dei hadde faktisk mange ledige, spennande jobbar å tilby. Eg skal søke på minst tre traineestillingar i dag, seier Hansen.

– Eg har master i Voksnes læring, og det er eit litt smalt felt. Likevel møtte eg aktuelle aktørar, seier Gaarder.

Kjøper ikkje godvêrsprofileringa

Den største fordelen med å jobbe i Sogn og Fjordane, meiner dei er den korte vegen til ansvar.

– Mange vil typisk til Oslo, Bergen og større byar. Der er det nok vanskeleg å bli sett på same måten som på små stadar. Det å bli satsa litt på i starten er viktig, meiner dei.

Det er éin ting dei likevel må stille spørsmål ved:

– Kvifor brukar de berre bilde frå godvêrsdagar når de promoterer fylket? Hallo, den kjøper vi ikkje, ler dei.

Meld deg på Framtidsfylket karrieremesse i Bergen 13. februar

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.