Gründer Sogn og Fjordane

Gründerliv med heiagjeng

Det er mange som ønsker å hjelpe fram gode idear i Vestland. Her er ønsket om nye arbeidsplassar og verdiskaping stort, og det er kanskje derfor satsingsviljen også er stor.

I fylket vårt er det sterke ressursar og mykje god hjelp å få. Her er ein oversikt over dei som står klare til å hjelpe deg.

Næringsutvikling i kommunen

Driftig.no har laga ei god oversikt over kven du kan prate med i dei ulike vestlandskommunane når du vil starte eller utvikle eiga verksemd eller eit prosjekt. Den finn du her.

Nettverk

Vi har også fleire gründermiljø og kontorfellesskap der du kan treffe andre gründerar, idéskaparar, entreprenørar eller rådgjevarar som kan hjelpe deg.

Inkubatorar:

Sogn og Fjordane

  • Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane held til i Sogndal og Førde og gir hjelp til oppstartverksemder i tidleg fase med forretningsutvikling.
  • Aksello i Kinn kommune gir lokale gründerar og etablerte verksemder tilgang til eit sosialt og fagleg miljø med nyskaping og vidareutvikling i fokus.

Hordaland

  • Atheno Inkubator held til på Stord og har utspring frå industrien i Sunnhordland, men har deltakarar frå ulike bransjar.
  • Industriutvikling Vest held til i Alver kommune. Hos dei får du rettleiing og forretningsutvikling tilpassa behovet ditt
  • VIS Nyskapingsparken ligg på Marineholmen i Bergen og er ein inkubator for gründerar og nystarta verksemder med vekstpotensial og høg grad av innovasjon
  • Startup lab held til i Bergen og Oslo og har til no hjelpt over 300 tech-startups.

Næringshagar

Sogn og Fjordane

Hordaland

Gründermiljø

Sogn og Fjordane

Hordaland

  • Gründerparken Vest er eit samarbeid mellom Øygarden kommune og Vest Næringsråd
  • Impact Hub held til i unikt UNESCO-lokale på Bryggen i Bergen og er eit kontorfellesskap for gründerar som brenn for å endre verda
  • Bjørnefjorden gründerpark er eit entreprenørskapssenter midt i Os sentrum og i Eikelandsosen.

Kjelde: www.driftig.no