Kristiane Knutson

Nyheiter

– Vi blir litt likare storbyane

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Jostein Vedvik

Kristiane Knutson (30) henta ny inspirasjon på Elevate. For ho er karrierefestivalen smaken av storbyliv.

Éi veke i året har sunnfjordingane sjansen til å delta på ein festival dedikert til å utvikle seg i arbeidslivet. På programmet står alt frå kompetansepåfyll og sjølvutvikling til minglelunsjar og sommarfest.

– Det gjer seg med litt inspirasjon og påfyll når jobben din er å vere kreativ. Eg må faktisk finne opp krutet kvar einaste dag, ler ho.

Kristiane er kommunikasjonsrådgivar i Enivest. Der har ho ansvar for innhald til sosiale medium, nyheitsbrev og ulike prosjekt knytt til marknadsføring og sponsoravtalar.

Ho kjende ikkje karrierefestivalen frå før, og deltok i første omgang fordi Enivest er sponsor.

ALLE treng ny input

– Men så var det så bra at eg tok ein titt på programmet. Etter å ha deltatt på «Slik skaper du eit (arbeids)liv du vil ha» med Karianne Hartviksen, meldte eg meg på workshopen hennar seinare på dagen og tre andre event.

Kristiane har i løpet av veka heva kompetansen på både KI, sosiale medium og sjølvutvikling. I tillegg har ho helst på mange nye menneske. Ho meiner endå fleire burde få den sjansen.

– Eg merka meg at det er mange av dei same folka som deltar på dei ulike eventa. Kor er alle yrkisane, til dømes? ALLE treng ny input, uansett fag, bransje eller type utdanning. Endå fleire burde deltatt på Elevate, for eg er sikker på at dei fleste kan ha nytte av å oppdatere seg på både KI og sjølvutvikling. Og så var det kanskje litt mange damer som deltok?

Elevate Førde

Slik skaper du eit (arbeids)liv du vil ha med Karianne Hartviksen var nyttig for fleire enn Kristiane.

Kristiane har budd i Bergen i mange år og flytta heim til Førde i slutten av 2024 for å jobbe i Enivest. For ho er festivalen eit innslag av storbyliv.

– Med eit så godt og fyldig program, sosiale møteplassar og kombinasjonen fag og litt fest, liknar dette ein festival du typisk finn i storbyane. Det er kjekt at vi innimellom kan bli litt likare storbyane.

Viktig å vise interesse

Ho har ei oppfordring til alle dei som ikkje deltok:

– Vi må tore å vere litt meir nysgjerrige og interesserte i det som blir arrangert i Sunnfjord. Om vi ikkje møter, skjer det ikkje igjen.

– Og så er det viktig at næringslivet slenger seg på!

Kristiane tok med seg ein nyinnflytta kollega på eit av eventa.

– Ho synest det var kjempebra! Festivalen opna opp for å snuse litt rundt og vere nysgjerrig. Berre det å nettverke og knyte kontaktar er grunn nok til å delta.

Kult at jobben var i Sunnfjord

Sjølv var ikkje Kristiane i tvil om at det var i Sunnfjord ho ville jobbe. Etter studiar og nokre år i arbeidslivet i Bergen, starta ho jakta på relevante stillingar i Førde.

– Med utdanning i både økonomi og marknadsføringsleiing, starta eg karrieren som kunderådgivar i Sparebanken Vest i Bergen. Eg likte meg godt der, men då Enivest hadde ei stilling ledig på marknadsavdelinga, måtte eg søke.

I dag kjenner ho seg heldig som får jobbe med akkurat det ho ønsker i ein liten by.

– Det er kult at det var her i Sunnfjord eg fann den perfekte jobben. Eg har så mange tankar og idear i hovudet at eg treng å få dei ut. I Enivest får eg både tillit og friheit til å vere kreativ.

Har den kjekkaste stillinga i Enivest

Sjølv meiner Kristiane at ho har det kjekkaste stillinga i heile Enivest.

– Det er jo eg som får gjere alt som er gøy i Enivest, ler ho og legg til:

– Men eg er veldig usikker på om kollegaene mine meiner det same.

I tillegg til å like arbeidsoppgåvene sine som kommunikasjonsrådgivar, synest ho det er eit stort pluss å ha kollegaer i alle aldrar i alle avdelingar.

– Her er alle venner med alle utan å skilje på alder eller fagfelt. Ein av mine favorittkollegaer er over seksti, og i kantina køyrer vi langbord der det er heilt tilfeldig kven du sit med. Det likar eg.

Om Elevate

I 2023 fekk Sunnfjord Utvikling og Framtidsfylket Vestland ideen om å skape ein eigen festival for arbeidslivet i Sunnfjord. Målet var å vise fram breidda i arbeidsmarknaden, gi arbeidstakarane kompetansepåfyll og skape sosiale møteplassar. Sidan då har festivalen blitt arrangert kvart år i starten av juni. Les meir om festivalen her.

Fleire saker