
Veidekke bygger nokre av dei mest spennande bygga i regionen. Samtidig bygger dei folk. For Espen og Lasse handlar det mykje om laget.
– Som tømrar kjende eg at eg ville meir.
Espen Vasseth (31) smiler når han seier det.
I dag sit han på kontoret til Veidekke i Førde som prosjekteringsleiar. Her har han ansvar for å leie prosessane som skjer før gravemaskinene kjem og dei første veggane reiser seg. Men vegen dit starta med fagbrev som tømrar. Deretter blei det to år i jobb, før han tok Y-vegen vidare til bachelor som byggingeniør.
– Eg visste at eg ville jobbe med prosjekt og vere med og bygge bygg. Korleis eg skulle kome dit, fann eg ut undervegs.
I 2020 byrja han i traineeprogrammet til Veidekke. Det skulle vise seg å bli eit viktig vegskilje.
– Det var heilt suverent. Eg fekk prøve ulike roller og arbeidsoppgåver, og fann etter kvart ut kva eg likte best.
Det han likte best, var prosjekteringsleiing. Å samle arkitektar, rådgivarar og fagfolk rundt bordet. Å finne løysingar og få alle detaljane på plass før bygginga startar.
– Eg likar prosessane. Når folk sit saman og tenkjer høgt rundt ei utfordring og ein finn løysingar i lag. Det er kanskje det kjekkaste med jobben: å drive prosjektet framover og lukkast. Det er alltid kjekkast å lukkast. Vi gjer stort sett det då, ler han.
"Eg har fått prøve meg. Det betyr mykje."

Gjennom dei seks åra i Veidekke har Espen fått vere med på fleire store prosjekt. Eitt av dei er LIVA-bygget ved sjukehuset i Førde – eit gigantprosjekt.
– Det er eg stolt av å ha vore med på. Det er kanskje det mest komplekse bygget vi har hatt her i fylket.
Han trekkjer fram alle detaljane som måtte løysast, utfordringane som dukka opp undervegs og kor mykje læring som låg i prosjektet. Likevel er det ikkje berre sjølve bygget han hugsar best.
Det er tilliten.
At han som relativt ung og nyutdanna fekk vere med, ta ansvar og utvikle seg.
– Eg trur det er noko av det beste med Veidekke. Du får moglegheiter. Om du viser at du vil, får du sleppe til.
Han rosar særleg leiarane som har gitt han ansvar tidleg.
– Eg har fått prøve meg. Det betyr mykje. Veidekke har vore eit stort springbrett for karrieren min.
For tida er Espen involvert i prosjektet på Sande skule. Her har han vore med heilt frå starten.
– Vi byrja med ganske grove skisser. No er vi i full gang med bygginga.
Han likar best prosjekt som utviklar seg over tid, der mange fag skal samarbeide og utfordringane ikkje har eit fasitsvar.
– Eg går aldri inn i eit prosjekt og kan alt. Det handlar om å knyte til seg dei rette folka og setje saman eit team som fungerer.
Og team byggjer han stadig vekk.
– Eg har nesten aldri same gjengen frå prosjekt til prosjekt.
Han ler.
– Så eg får mange forsøk på å lage gode lag.
"Du lærer alltid noko nytt. Det stoppar eigentleg aldri."

På byggeplassen i Sande møter vi tømrar Lasse Hellesen Rosnes (27).
Det regnar slik det gjerne gjer når du jobbar ute i Sunnfjord. Inne i brakkeriggen er stemninga betre enn vêret.
Lasse byrja i Veidekke i 2021.
– Dei skulle til å starte på sjukehuset, og det verka spennande. Eg likar store prosjekt.
Det gjer han framleis.
Etter sjukehuset var det neste store prosjektet bygginga av nye Sande skule.
– Eg har aldri bygd skule før. Det er noko nytt.
Og nettopp det er ein viktig grunn til at han trivst.
– Du lærer alltid noko nytt. Det stoppar eigentleg aldri.
Han tenkjer seg litt om når han får spørsmål om kva han likar best med jobben.
– At ingen dagar er heilt like. Det skjer forskjellige ting heile tida.
Lasse er ein av dei som pendlar til prosjekt. Han bur i Florø og køyrer til Sande. For han er ikkje det noko stort tema å bu på brakke måndag til torsdag. Han snakkar heller om kvardagen på byggeplassen og om det gode samarbeidet.
Aller best likar han rytmen som oppstår når eit prosjekt har kome skikkeleg i gang.
– Det beste er når du kjem inn i ein god flyt. Når alle veit kva dei skal gjere, og ting fungerer slik dei skal.
Då trivst han.
– Det er då eg jobbar best.
Og sjølv om dagane kan vere lange, er det viktigaste framleis folka rundt han.
– Vi jobbar godt som eit lag. Det er mange jamaldrande som jobbar her, og eg likar at det er ei god blanding av seriøst arbeid og høgt under taket på byggeplassen, seier Lasse.
Både Espen og Lasse er opptatt av miljø og berekraft når dei bidrar i byggeprosjekt. For dei er berekraft meir enn eit fancy ord, og noko dei innlemmar i kvart prosjekt. På Sande skule er ombruk ein viktig del av prosjektet. Materiale som kan brukast igjen blir tekne vare på, og løysingane blir vurderte med tanke på miljøgevinst.
Lasse viser fram containerane for ombruk ute på byggeplassen.
– Vi bruker om igjen det vi kan. Her er ein konteinar med materiale som kan brukast om igjen.
For Espen er dette noko av det mest interessante med moderne byggeprosjekt.
– Eg likar prosjekt der vi klarer å finne gode løysingar som gir miljøgevinst.

Berekraftig: For Lasse er berekraft meir enn eit ord. Ein del av jobben er å sjå kva som kan bli brukt om igjen på renoveringa av Sande skule.
Sjølv om Veidekke-avdelinga i Førde ikkje er den største i landet, er det lett å hente inn kompetanse når ein treng det.
Espen sit i eit nasjonalt nettverk for prosjekteringsleiarar. Her kan han diskutere utfordringar med kollegaer frå Trondheim, Stavanger eller Oslo.
– Nokon har gjerne vore borti det same før. Då lærer vi av kvarandre.
Han trekkjer fram nettopp dette som ein av styrkane med Veidekke.
Lokalt tilhøyrsle, men med tilgang til eit stort fagmiljø.
– Det er mykje kurs, samlingar og erfaringsdeling. Du treng aldri stå aleine.

Laget: Slik kan det sjå ut når prosjekteringsleiar, ingeniørar og fagarbeidarar planlegger neste prosjekt i Veidekke.
Begge nemner arbeidsmiljøet utan å nøle.
På kontoret i Førde samlast folk til felles lunsj. I Veidekke blir det arrangert sosiale samlingar gjennom året, både nasjonalt, avdelingsvis og lokalt. Nokre gongar handlar det om fag, medan andre gongar handlar det om grilling, aktivitetar, gocart og prat om heilt andre ting enn jobb.
Så kva skjer når det regnar sidelengs ein dag i juni?
Lasse smiler og trekker på skuldrane.
– Det er ikkje like kjekt som når sola skin. Men vi har gode klede.
Mot slutten av praten får begge det same spørsmålet. Kva er det som gjer at dei framleis er i Veidekke?
Lasse svarar kjapt.
– Eg trivst veldig godt her. Eg får jobbe på store prosjekt og ser for meg at eg blir verande lenge.
Espen tenkjer litt lenger. Han har allereie tatt store steg i karrieren, men kjenner framleis på lysta til å utvikle seg.
– Eg har kome eit godt stykke, men eg vil alltid bli betre. Veidekke er ein arbeidsgivar som legg til rette for det.
Veidekke har i dag 116 tilsette i Sogn og Fjordane, og med det er dei blant dei større private arbeidsgivarane i gamlefylket. Det er 63 tilsette i Veidekke Bygg, 39 tilsette i Industri/Asfalt, og 14 tilsette i Drift & Vedlikehald. Veidekke Bygg har hatt kontor her sidan 1967, og Industri truleg lenger. Dei tilsette er ingeniørar og byggteknikarar med meir, og fagarbeidarar innan betong, tømmer, asfalt og drift. Alle tilsette er lokale, og bur i Sogn og Fjordane. Ein lokal aktør – med det store Veidekke i ryggen.