
For Anne-Malin byrja det med bestemor si symaskin. No har ho starta Dakapo Saum på Nordfjordeid, og håpar fleire vestlendingar vil plukke opp nål og tråd.
Symaskinene står klare på rekke og rad, og stoffrullar i ulike fargar ligg stabla langs veggen. I lokalet i Eidsgata har Anne-Malin Sørland Aase skapt noko ho sjølv har sakna.
– Dette er ein kreativ møteplass der du kan lære deg å sy, reparere, og gje stoff nytt liv, forklarer ho.
– Eg vil at folk skal kunne setje seg ned i lag og lage noko. Vi sit så mykje kvar for oss elles, så det å gjere noko saman – kreativt og med hendene – det trur eg mange har behov for.
Syinga har ho hatt med seg nesten så lenge ho kan hugse.
– Eg sat mykje saman med bestemora mi då eg var lita. Ho sydde, og eg fekk vere med. Det er skikkeleg gode minne for meg, fortel Anne-Malin.
Sidan har ho sydd både barneklede, festdrakter og sin eigen brudekjole. Brudekjolen sydde ho av tre ulike kjolar – mora sin, svigermora sin og bestemor sin. Då gjenbruksdronninga Jenny Skavlan heiv seg med på prosjektet, fekk det mykje merksemd.
– Det var utruleg kjekt og inspirerande. Det var nok då eg for første gang tenkte at dette er noko eg kan drive med.
Likevel skulle det ta ein del år før Dakapo Saum vart til.
– Livet skjedde. Familielivet med mann, barn, hus, hage og lærarjobb. Men syinga har liksom alltid vore med meg. No kjende eg at tida var rett.

Anne-Malin med ei av festdraktene ho har sydd til seg sjølv.

Symaskinene står klare for ivrige hender. Namnet "Dakapo" kjem frå italiensk og betyr "om igjen", noko som passar seg godt til det nye konseptet på Nordfjordeid.
Anne-Malin opplever at interessa for saum har kome tilbake, og vakse mykje dei siste åra.
– Det går ei sybølge over landet. Eg kjende litt på at viss eg ikkje gjer dette no, så kom nokon andre til å gjere det. Og då hadde eg nok blitt irritert på meg sjølv, seier ho og ler.
Interessa har vore stor sidan oppstarten i februar. Alle kursa hennar har vore fulle, og ho har til og med måtta setje opp ekstrakurs.
– Eg trur mange kjenner på at vi ikkje kan halde fram med det overforbruket vi har hatt når det kjem til klede og tekstilar. Då blir det meir aktuelt å reparere, bruke om igjen og lage sjølv. Samtidig har det blitt kult igjen å sy, mykje takka vere sosiale media og influensarar som Jenny og Fæbrik, og det er jo veldig kjekt.
Samtidig meiner ho Vestlandet har meir å hente, og ber på ein liten ambisjon på vegne av regionen:
– Eg har inntrykk av at Austlandet har fått det veldig bra til når det gjeld denne sybølgja. Der er det mykje som skjer. Eg tenkjer at det må vi også få til. Austlandet har klart det, no er det Vestlandet sin tur, smiler ho lurt.
At ho valde å starte opp heime på Nordfjordeid, meiner ho har vore ein fordel.
– Eg trur det er lettare å få til noko på ein liten plass. I ein by blir du fort ein av mange, medan her merkar eg at folk ser meg. Eg har fått veldig mykje heiarop, folk er positive, stiller opp og blir med på det som skjer. Det betyr mykje i ein oppstart.
Sjølve syinga har ho kontroll på. Det er resten som har vore nytt.
– Alt det administrative har vore ei heilt ny verd. Rekneskap, system og alt det der. Det er mykje å setje seg inn i, seier ho lattermildt.
– Men eg har vore heldig og fått kjempegod hjelp av Stad Vekst til det, både før eg skulle starte opp og no undervegs. Det er gull verd.
"I ein by blir du fort ein av mange, medan her merkar eg at folk ser meg."

Anne-Malin meiner møteplassar som Dakapo Saum har ein verdi som går utover sjølve aktiviteten og resultatet.
– Du kan lære mykje på nettet, men du får ikkje den same opplevinga som når du sit i lag med andre folk og gjer noko praktisk, seier ho.
– Det å vere i lag, prate, lære av kvarandre og skape noko saman, det trur eg er veldig bra. Både sosialt og for hovudet.
Sidan oppstarten har Anne-Malin arrangert alt frå votte-, jakke- og festdraktkurs til fikselaug og broderiworkshop. I tillegg sel ho symaskiner, med opplæring inkludert.
Framover blir det fleire kurs og arrangement, og ho legg ikkje skjul på at ho også har nokre litt større ambisjonar:
– Eg har ein draum om å få til eit slags sy-LAN på Eid, der vi fyller ein heil sal med symaskiner og folk som sit og syr i lag. Det hadde vore utruleg kjekt. Men det blir i framtida. No handlar det først og fremst om å få dette til å gå rundt, og byggje det stein for stein, seier ho.

Velkommen inn: Anne-Malin har ope anna kvar laurdag i tillegg til ca. eitt sykurs i veka.