
Då Bjarte Grytli Seim og kona flytta heim frå Malaysia i 2017, låg alt til rette for eit komfortabelt comeback til Oslo.
– Vi kunne ha gått rett inn i trygge jobbar i Oslo med bustad og alt på stell. Men vi er eventyrlystne og hadde lyst til å teste noko anna, seier Bjarte, som i dag er avdelingsleiar for prosjektering av vasskraft i Hywer.
Valet fall på Dale i Fjaler – ein stad dei aldri hadde budd før, og nesten ikkje hadde høyrt om.
Historia startar langt unna Sunnfjord. Først Trondheim og ingeniørstudiar på NTNU, jobb i Oslo og seinare prosjekt knytt til vasskraft i Georgia og vidare til Malaysia.
– Vi likar å kombinere spennande jobbar med å bu på nye plassar, fortel han.
Då dei skulle heim til Norge, var det ikkje sjølvsagt kvar dei skulle.
– Vi var eigentleg ute etter ein kvardag som hang betre saman. Vi ønska oss mindre logistikk, korte avstandar til jobb, aktivitetar og naturen, men utan å gi slepp på faglege ambisjonar og spennande jobbar.
Eit tips om at det skjedde masse i vasskraftbransjen i Fjaler, førte dei mot den vesle bygda. Resten er historie. Ni år seinare er dei her framleis. Bjarte, kona og no fire born.

Full pakke: Spennande jobbar i kombinasjon med enkel kvardagslogistikk fekk familien til Dale.

Tett på naturen: Familien fyller fritida med naturopplevingane dei er omringa av i Vestland.
Det som først var eit eksperiment, blei fort eit val dei står trygt i.
– Eg trur mange undervurderer kva korte avstandar faktisk betyr i kvardagen. Her kan du hente i barnehagen, trene etter jobb og framleis ha tid til noko sosialt på kvelden.
Men det handlar ikkje berre om tid. Å flytte til ein ny stad utan nettverk kan vere eit hinder for mange. For Bjarte blei det motsett.
– Folk i Dale er opne og interesserte i nye menneske, og du blir kjent med folk på ein annan måte. Det skjer gjerne i livet rundt jobb, skule, barnehage og fritidsaktivitetar. Myten om den lukka sunnfjordingen stemmer ikkje, slår han fast.
Ein av dei tinga Bjarte trekk fram som eit gode, er kor konkret påverknad du kan ha på ein mindre stad, både på jobb og fritid. Sjølv har han vore ein viktig pådrivar for skatepark i Dale,
– Eg sakna ein lokal skatepark då eg var ung, så vi bestemte oss for å få det til her.
I dag står anlegget der, finansiert og realisert av eit samarbeid mellom eldsjeler, kommune, lokale aktørar og Sparebankstiftinga i Fjaler.
– Det høyrest kanskje enkelt ut, men det er det som er poenget: det er faktisk mogleg å få til ting her. Folk stiller opp.
Bjarte ler litt av myten om små stader.
– Det er lett å tenke at det er lite som skjer. Men det stemmer ikkje.
Dale har i overkant av 1200 innbyggjarar, men eit breitt aktivitetsnivå. Her finn du alt frå klatring og kampsport til kor, spelemannslag og teaterfestival. Bygda er spesielt kjent for sitt rike kunst- og kulturliv.
– Eg syng i kor og kona spelar i spelemannslag. Det var faktisk ein viktig grunn til at Dale var interessant.
Bygda tilbyr både organiserte og uorganiserte tilbod:
– Du har klatrepark, kaldhall, handball, fotball, dans, kulturskule, konsertar … og rett utanfor døra: fjell, fjord, strender, fossar og stiar. Å vere tett på naturopplevingane er spesielt viktig for oss.
Parallelt med livet i Dale har Bjarte bygd karriere i Hywer, der han i dag er avdelingsleiar for prosjektering.
– I Hywer får du jobbe med heile livsløpet til eit vasskraftprosjekt – frå idé til ferdig anlegg. Då lærer du fort, smiler han.
Selskapet er ein totalleverandør i vasskraftbransjen, med erfaring frå hundrevis av prosjekt nasjonalt og internasjonalt.
– Du sit ikkje i ein smal silo. Du jobbar tett med folk med forskjellig bakgrunn, og det gjer kvardagen mykje meir interessant.
"Du sit ikkje i ein smal silo. Du jobbar tett med folk med forskjellig bakgrunn.

I større byar kan karrierevegen vere meir oppstykka. I Dale opplevde Bjarte noko anna.
– Vi er ikkje så mange, og då må alle bidra. Det betyr at du får ansvar tidleg og kjenner eigarskap til oppgåvene.
Han peikar også på ei anna side. Bedrifta og eigarane er ikkje anonyme på ein mindre stad.
– Du kjem tettare på. Dette er arbeidsplassen til folk du kjenner og bryr deg om. Det gjer at du ønsker å skape gode resultat, og at du tenker deg om ein ekstra gong før du søker jobb hos ein konkurrent.
"Du lærer ekstremt mykje av både folka og prosjekta."

Hywer er ikkje berre ein arbeidsplass, meiner han.
– Det beste med å jobbe i Hywer er at du jobbar med så forskjellige folk med ulik bakgrunn og kompetanse, samtidig som du jobbar tverrfagleg med komplette prosjekt. Du lærer ekstremt mykje av både folka og prosjekta.
Han meiner arbeidsmiljøet speglar livet utanfor jobb:
– Det er ganske breitt samansett. Nokon er skikkeleg tekniske, andre er opptekne av kultur eller friluftsliv. Det gjer at det blir ein plass der ulike folk trivst.
I løpet av året møtest dei også utanfor kontoret – på turar, aktivitetar og felles opplevingar.
Bjarte trur mange går glipp av moglegheiter fordi dei ser for smalt på jobbmarknaden.
– Både eg og kona er eventyrlystne, men samtidig opptatt av karriere. Det er enormt mykje læring i å tore å velje stadar og selskap som er litt utanfor dei store sentera. Det er lett å tenke at du er fastbunden til ein stad, men du er eigentleg ikkje det. Når du begynner å sjå moglegheitene for jobb, så finst dei på mindre stadar også.
Han og kona har begge skaffa jobbar – utan at stillingane låg ute.
– Mange stillingar blir aldri utlyste. Du må tørre å ta kontakt. Plukk opp telefonen, rådar han.

Utsikt: Dette kan bli utsikta di om du flyttar til Dale i Fjaler.
Så kvifor Dale?
Bjarte tek ein liten pause før han svarar:
– Fordi det gir ein kvardag som fungerer, utan at du må gi slepp på det du vil få til.
Og så legg han til:
– Det er rett og slett ein veldig god plass å bu.