
– Ein skule kan vere vanskeleg å endre, medan her får eg verkeleg utfolde meg, seier Håkon Mogstad. På ViteMeir får han kombinere interessa for realfag med kreativitet og formidling.
På Kaupanger ligg eitt av landet sine 13 vitensenter. Her er det smell, røyk, eksperiment og praktiske læringsopplegg som skal få fleire til å oppdage kor kjekt realfag kan vere.
– Vi har eit ungt og kreativt miljø her på ViteMeir. Alle brenn for realfaga og for formidling, noko som gjer det til ein veldig inspirerande plass å jobbe, seier Håkon.
Håkon er opphaveleg frå Gaupne i Luster og utdanna sivilingeniør. Men etter studietida i Trondheim vart han teken opp i Teach First, eit program frå Equinor som skulle få flinke ingeniørar til å bli gode lærarar.
Gjennom programmet fekk han praktisk pedagogisk utdanning (PPU) kombinert med jobb i Osloskulen. Totalt jobba han fem år ved Hersleb skole på Tøyen – fire år som lærar og det siste året som avdelingsleiar for realfag. Der møtte han elevar som ikkje nødvendigvis hadde den største interessa for realfag frå før.
– Alle vi som var Teach First-kandidatar vart plassert på skular der det var litt ekstra behov for å jobbe med motivasjon i realfaga. Målet var at fleire skulle få kjenne på meistring, nysgjerrigheit og glede i faga, fortel han.
Det var ikkje alltid ei enkel oppgåve, men desto meir motiverande når dei fekk det til.
– Får du til det med ein tenåring klokka to på ein fredag – å tenne den gnisten for realfaga – då har du gjort noko verkeleg bra.

På vitensenteret lærer elevane gjennom å prøve, utforske og eksperimentere.

Håkon viser elevane korleis realfaga fungerer i praksis.
Då Håkon og kona i fjor sommar bestemte seg for å flytte «heimatte», såg han føre seg at det kanskje vart jobb i skulen igjen. Men så dukka stillinga på ViteMeir opp.
– Dei søkte etter ein formidlar og prosjektleiar som brenn for realfagsformidling. Då tenkte eg berre: Det er jo heilt perfekt. Då eg vaks opp fanst ikkje dette her, men eg kjende litt til vitensenter frå Trondheim og Oslo, og synest det er skikkeleg kult at vi har dette i Sogn og Fjordane no.
På vitensenteret møter han alt frå barnehagebarn til høgskulestudentar. Håkon har mellom anna undervist programmering både til barnehageungar og elevar på vidaregåande.
– Her får eg jobbe med eit utruleg stort spenn både i fag og publikum. Samtidig får eg mykje meir fridom til å forme opplegget slik eg sjølv vil.
Det er noko av det han likar aller best med jobben.
– Ein skule kan vere vanskeleg å endre, medan her får eg verkeleg utfolde meg. Har vi nye idear er vegen kort frå idé til handling. Har vi lyst til å teste noko nytt så gjer vi det berre. Det er ein heilt annan måte å jobbe med formidling på, fortel han engasjert.
"Her får eg verkeleg utfolde meg. Har vi nye idear er vegen kort frå idé til handling"

I tillegg til å vere formidlar, er Håkon prosjektleiar for eit nytt talentsenter i realfag som no skal byggjast opp på vitensenteret. Tilbodet skal vere for elevar som har eit stort læringspotensial i realfag, men som kanskje ikkje presterer på eit høgt nivå akkurat no.
– Målet er å samle elevar frå ulike skular og gi dei moglegheit til å jobbe med realfag på ein annan måte enn dei får i eit vanleg klasserom. Nokre lærer betre når dei får jobbe meir praktisk og utforskande med faget, forklarer Håkon.
I det siste har han vore med på samlingar i Bergen og på Stord for å hente erfaringar før dei no skal utvikle tilbodet på Kaupanger.
– Det er skikkeleg spennande å få vere med å byggje opp eit heilt nytt tilbod her i Sogn, seier han.
Det kanskje ikkje alle veit, er at ViteMeir-senteret på Kaupanger er eit tilbod for både Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.
– I dag er det nok mest Sogn som har nytte av oss, men vi jobbar med saka. Vi har mellom anna noko som heiter «ViteMeir på hjul» der vi tek med oss utstyr til skulane i Sunnfjord og Nordfjord. Det blir fort for langt å reise hit for mange klasser.
I staden reiser dei altså ut med både læringsopplegg, vitenshow og kurs for lærarar.
– Det har vi lyst til å gjere endå meir av. Vi vil vise at realfag er noko du får prøve, utforske og ha det kjekt med, smiler han.