Kristoffer i Havtech Holmedal

Nyheiter

– Her treng du ikkje meine det same som sjefen

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Kristine Slettehaug

Då Kristoffer tok ein bachelor i marin teknikk i Bergen, var det aldri med mål om å ende opp som utviklar i ei oppstartsbedrift i Holmedal.

– Pappa bygde båtar og broren min jobbar på båt, så eg tenkte at eg ville jobbe med å teikne skip. Men eg bomma litt der. Eg likte meg sånn passe på utdanninga og vimsa litt rundt.

Kristoffer er frå Dale, og då han var ferdig utdanna opna det seg ei konsulentstilling i Enoro (no Hansen Technologies) i heimbygda.

– Etter kvart fekk eg prøve meg som utviklar og lærte meg å programmere.

Han kjenner seg heldig som fekk sjansen til å lære eit nytt fag, då utdanninga ikkje var fulltreffar.

– Det er vel derfor eg er her i dag, smiler Kristoffer og slår ut armane.

Med «her» meiner han i stillinga som utviklar i Havtech i Holmedal. Holmedal er ei lita bygd i Askvoll kommune, og nabobygda til Dale.

– Å jobbe i ein start-up er heilt nytt for meg, men utruleg spennande. Eg er glad dei valde å satse på meg.

"Eg likte meg sånn passe på utdanninga og vimsa litt rundt."

Holmedal

Frå 150 kollegaer til ni – og større påverknad

Havtech skapar digitale løysingar som effektiviserer den maritime næringa. Mellom anna utviklar dei HR- og planleggingsverktøy for rederi på Vestlandet. Selskapet vart starta i 2021, og har på få år vakse frå 2,5 årsverk til ni tilsette.

For Kristoffer var overgangen stor.

– Eg gjekk frå rundt 150 kollegaer til eit lite team. Det er ei omstilling, men også det som gjer det så moro.

I ein liten organisasjon blir rollene breiare, og avstanden frå idé til handling kort.

– Eg var litt «potet» i førre jobben, med både utvikling, design og kundekontakt – og det er eigentleg litt det same her. Det trivst eg veldig godt med.

Det han set aller mest pris på, er moglegheita til å påverke.

– Når du er med frå start, får du vere med og forme bedrifta. Du får bidra til å skape noko heilt nytt, og det inneber også mange utfordringar. Men det er nettopp det eg likar.

Høg takhøgd og låge skuldrer

I Havtech er det korte linjer og lite hierarki, og latteren sit laust i kontorfellesskapet dei er del av.

– Det kollegiale har høg takhøgd. Du treng ikkje meine det same som sjefen. Det du seier blir tatt på alvor, også om du ikkje er den som ropar høgast.

Havtech har ein kultur der folk blir oppmoda til å meine noko, og der ulike perspektiv er ein styrke.

– Vi diskuterer mykje, og det gjer at vi blir betre.

Det sosiale rundt jobben bidrar til trivsel.

– Vi finn på mykje kjekt i lag – alt frå svært innhaldsrike strategisamlingar til sommarfestar med frisbee og pizza. Det skapar eit veldig bra miljø.

Holmedal kontorfellesskap

Uformelt: Under fotograferinga hoppar ein kontornabo inn i bildet og stadfestar at her er det greitt med takhøgde.

Lokal kompetanse og vekst frå bygda

Sjølv om Havtech har tilsette spreidd i regionen og eit distriktskontor i Førde, er ambisjonen klar:

– Vi ønskjer å halde kompetansen i Sunnfjord. Det går fint an å bygge ei sterk teknologibedrift med hovudbase i ei lita bygd.

Rekrutteringa tyder på at det fungerer.

– Vi opplever god interesse for stillingane våre. Både nyutdanna og erfarne søker, og fleire flyttar heim igjen for å jobbe her.

For Kristoffer er det nettopp dette som gjer det ekstra meiningsfullt:

– Det er kjekt å vere med på å skape arbeidsplassar her lokalt.

Kollegaer Havtech

Attraktive: Havtech får tak i folka dei treng. Rekruttering har ikkje vore ei utfordring, sjølv med hovudkontor i vesle Holmedal.

Fullt liv på heimebane

Når arbeidsdagen er over, er det ikkje akkurat stillstand i Dale. For Kristoffer er kvardagslivet ein kombinasjon av småbarnsliv og oppussing.

– Dei siste åra har gått med til å pusse opp huset vårt frå 1935 – og til å få ungar. No har eg to små, så det skjer litt på fritida også, humrar han.

Likevel er ambisjonane klare for tida framover:

– Når ting roar seg litt, håpar eg å få meir tid til ski og frisbeegolf igjen. Helst pudder og nedoverbakke. Om du berre finn tid, er det nok av ting å ta seg til i bygda, seier han og skyt inn:

U40 Fjaler har vi også fått på plass! Mitt forslag til program der er «Beers and braids» – å drikke øl samtidig som ein lærer å flette. Det må eg få med meg, for det passar perfekt for meg som jentepappa, ler han. Vi tek han på ordet når han seier at aktivitetstilbodet i Fjaler er breitt.

– Eg ser definitivt for meg å vere her vidare. Eg trivst veldig godt – både på jobb og i livet elles.

Fleire saker