
Framtidas arbeidsliv krev at vi tenkjer nytt. Bli med på årets happening for deg som jobbar med rekruttering i Vestland.
Teknologien utviklar seg raskare enn nokon gong, kompetansebehova endrar seg, og konkurransen om arbeidskrafta blir stadig tøffare. For verksemder i Vestland handlar det ikkje lenger berre om å fylle ledige stillingar, men om å sikre rett kompetanse for framtida. Difor er årets tema:
Eit arbeidsliv i endring
Korleis skal vi rekruttere i åra som kjem? Kva kompetanse treng vi eigentleg? Og korleis kan vi tiltrekkje, utvikle og behalde folk, særleg i distrikta? Dette er nokre av spørsmåla vi utforskar på FOLKA på Skei.
Den opprinnelege datoen for konferansen var 9. september, gravferdsdatoen til Kongen. Vi har difor valt å flytte konferansen. Ny dato kjem.
FOLKA er årets møteplass for deg som jobbar med rekruttering, HR, kommunikasjon eller leiing. Her får du innsikt i dei viktigaste trendane, praktiske verktøy du kan ta i bruk med ein gong, og høve til å møte andre som står i dei same utfordringane som deg.
Velkomen til FOLKA – konferansen for deg som skal rekruttere, utvikle og behalde framtidas arbeidskraft i Vestland.
09:00-09:30 Oppmøte og registrering
09:30-09:45: Velkommen ved konferansier Irene Kinunda Afriyie og Linda Hovland, Framtidsfylket.
09:45 Etnolog Ida Hult om eit arbeidsliv i endring
10:25 Pause
10:35 Irene: Mangel på mangfold = mangel på folk
10:45 NHO Vestland v/ Sondre Olsen: Kva betyr det for deg at rammevilkåra endrar seg
11:20 Paneldebatt v/Sigrid Førde: Lokale arbeidsgjevarar om endringane i arbeidsmiljølova
11:50 Minglelunsj
12:30 Intro til temaet v/Irene
12:40 Om du skal ha seniorar i morgon, må du tilsette unge i dag
12:55 Kva etter-og vidareutdanning har du i distriktet tilbod om?
V/Øystein Nes i Inviro
13:05 Skråblikk på arbeidsgjevarar i Vestland v/Irene
13:15 PAUSE
13:30 Presentasjon av omdømmeundersøking om Vestland. Kven er gira på Vestland og kva skal til for å få dei til å flytte?
13:45 Tillit er avgjerande i kampen om kandidatar, kundar og kapital. Miniseminar i employer branding v/ Hans-Petter Stub
15:30 Avslutning v/Irene.
Ønsker du å gjere deltakinga til ein 2-dagars studietur? Les meir her.
Ida Hult er ein av Nordens fremste framtidsstrategar

Ida Hult er etnolog og ein av Nordens fremste framtidsstrategar. Ho gir deg ei tankevekkande forelesning om KI, arbeidsliv og kanskje det viktigste framtidsspørsmålet av alle: Kva ser folk etter når verda rundt dei endrar seg?
Irene Kinunda Afriyie er dagens konferansier

Irene Kinunda Afriyie har ei unik evne til å gjere komplekse samfunnsspørsmål engasjerande, varme og forståelege. Ho er dagens konferansier og gir oss blant anna innsikt i kvifor mangfald er eit strategisk val du ikkje lenger har råd til å ignorere.
Øystein Nes, Inviro: Du finn ikkje alle folka du treng, men du kan utvikle dei du har. Om etter- og vidareutdanning i distrikta – ditt beste gøymde konkurransefortrinn.
Hans Petter Stub oppdaterer deg på employer branding

Hans Petter Stub, Whydentify: I ei verd der tilliten til politikarar, sosiale medium, KI, forskarar og media fell - kva skjer med tilliten til verksemder? Svaret er at det avhenger av kor påliteleg verksemda er. I kampen om kandidatar, kundar og kapital blir tillit den fremste valutaen. Den bør forvaltast godt.
Hans Petter er ein av Norges fremste konsulentar og foredragshaldarar innan employer branding. Han er også partnar i Whydentify, det mestvinnande byrået innan employer branding og rekruttering dei siste åra.
Framtidsfylket: Ein rykande fersk omdømmerapport, Talent City Index Vestland, er klar. Kven er mest gira på jobb i Vestland og kva skal til for å få dei til å flytte hit? Du får svara på Folka!