Virtuell fest frå VestLAN

Skriven 21.04.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Denne helga går VestLAN Virtual 2020 av stabelen. På kommentatorplass står Morten Trædal klar. E-sport-entusiasten skryter av opplegget før det virtuelle LANet tek plass

– Planlegginga og jobben fram mot eit suksessfullt virtuelt LAN er på god veg. Frå eg står opp om morgonen og heilt til kveld, er det aktivitet frå gjengen bak. Dei gjer sitt for å skape ei god oppleving for deltakarane, fortel Trædal.

Alternativ til tradisjonelle LAN
For Trædal og resten av gjengen bak VestLAN skal vårens datafest ikkje vere av det tradisjonelle slaget, kor fleire deltakarar er samla på same stad for å spele saman. Prosjektleiar i VestLAN, Allan Madsen, utdjupar kvifor dei gjekk for å arrangere eit virtuelt LAN.

– Eit LAN (Local Area Network) er per definisjon ei fysisk samling. Men når det ikkje er mogleg å samlast fysisk, nektar vi å sitte passive i ventemodus – spesielt når vi har teknologi, tid og ressursar til å skape ei virtuelt LAN (VLAN) som alternativ til fysiske LAN-partyet, seier Madsen. Han legg til at planen er å gjennomføre arrangementet i likheit med det “vanlege” VestLAN, og kryssar fingrane for at VestLAN 2020 fortsatt vil finne stad til hausten, noko tida får vise.

Ovanfor: Prosjektleiar, Allan Madsen.

Skryter av jomfruturen til VestLAN

Trædal som skal vere kommentator frå heimekontoret (gutterommet) i Kragerø, var sjølv eit talent og har fartstid i mellom anna BX3 (No: Nordavind). Etterkvart fant han seg sjølv bak ein mikrofon, og gjorde stor suksess som kommentator. Sjølv om han har kommentert både CS:GO og Overwatch, er det Playerunknown’s battlegrounds (PUBG) som har blitt Trædal sitt sterkaste felt. 24-åringen kommenterte mellom anna EM ifjor. No ser han fram til å kommentere PUBG under VestLan Virtual 2020.

– Det blir veldig kjekt å få kommentere turneringa. Eg huskar første gongen eg kommenterte under VestLAN 2018. Då hadde dei allereie eit skjerma område for e-sport-laga, kor dei kunne prate taktikk og få fred. Det var veldig tidleg ute med eit profesjonelt opplegg, og fleire har fulgt etter dei i Norge, seier Trædal.

Kommentator under PUBG, Morten Trædal.

– Viktig å bruke hjernen

Sjølv med høge prizepoolar til vinnarar i turneringane, er det ikkje berre proff e-sport som står i fokus når VLANet finn stad. Trædal ser fleire fordelar i ei elles vanskeleg periode for både barn, ungdom og vaksne.

– Ser ein tilbake i tid, har synet på gaming betra seg mykje dei siste åra. Ein ser positive aspekt ved å spele spel, og det er mykje meir akseptert enn tidlegare. Sjølv trur eg det er viktig at dei får brukt hjernen sin. Samtidig som det er bra å få engasjert seg og vere sosial med venner over nett, er det også viktig å røre seg og få frisk luft og kome seg i fysisk aktivitet, seier han.

Framtidsfylket er stolt samarbeidspartnar med VestLAN Virtual 2020.

For kjøp av billett, trykk HER!

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.