Linn Sofie Stavn Ugulen (kommunikasjon), Linn Tove Berdal (HR) og Ingebjørg Husabø Bjørseth (seksjonssjef Fagstøtte) fortel om korleis Nav økonomiteneste jobbar med rekruttering.
Nav økonomiteneste på Leikanger opplever sjeldan rekrutteringsproblem. Kva gjer at dei lukkast i ei tid der andre kanskje strevar?
– Rekruttering jobbar vi med året rundt. Med over 100 tilsette og både vekst og naturleg utskifting, må vi vere i forkant, fortel Ingeborg Husabø Bjørseth, seksjonssjef for Fagstøtte.
Saman med HR-rådgivar Linn Tove Berdal og kommunikasjonsrådgivar Linn Sofie Stavn Ugulen, gir ho oss eit innblikk i korleis Nav økonomiteneste jobbar med å få tak i folk.
– Vi får som regel mange og godt kvalifiserte søkarar til stillingane våre, og dei kjem frå heile landet, fortel Ingeborg.
Ho trekk fram nokre ferske døme: Til tre sommarvikariat fekk dei 50 søkarar, og då dei søkte trainee kom det inn nesten 40 søknadar til éi stilling.
Å vere tilsett i Nav økonomiteneste er attraktivt. Flott utsikt følger med jobben!
Det er eit resultat av fleire ting. For det første har dei utvikla ein klar rekrutteringsstrategi som omfattar profilering, rekruttering og onboarding. Dei rekrutterer mellom fem og ti tilsette i året, og samarbeidet mellom dei tre vi pratar med; fagleiar, HR og kommunikasjon, er avgjerande for at det fungerer så godt.
–Det er smart å ha med seg ulik kompetanse inn i rekrutteringa, både på utforminga av stillingsannonser og korleis vi behandlar tilsettingsprosessen, seier HR-rådgivar Linn Tove.
– Det gir óg ein tryggleik for oss som er rekrutterande leiarar. Vi er fleire å spele på, noko som gjer oss mindre sårbare. Det flyt godt, seier Ingeborg.
Dei trur at ein del av suksessen ligg i ryktet dei har opparbeida seg som arbeidsgivar.
– Vi har eit kjent namn som statleg aktør, og vi veit at mange opplever oss som ein trygg og spanande arbeidsplass. Dei tilsette er gode ambassadørar og spreier ordet om at det er fint å jobbe her, seier Ingeborg.
Ho meiner også at Leikanger som arbeidsstad er eit pluss.
– Når det er fleire store arbeidsgivarar i nærleiken aukar sjansen for at det også er jobb for partneren din her. Det spelar sjølvsagt inn. Sogn i seg sjølv er eit trekkplaster, men vi reklamerer ikkje med skibilder – vi har oppdraget og oppgåvene våre i fokus, og folk søker seg hit fordi dei får ein meiningsfull jobb.
"Vi har blitt flinkare til å vise kven vi er"
Ut og møte jobbsøkaren: Her på stand under karrieremessa i Grieghallen.
Kommunikasjonsrådgivar Linn Sofie peikar på viktigheita av å vere synlege. Dei siste åra har ho jobba aktivt med å vise fram arbeidsmiljøet både digitalt og fysisk.
– Vi har blitt flinkare til å vise kven vi er – alt ifrå å vere aktive på LinkedIn og hos Framtidsfylket, til å delta på karrieremesser og lokale arrangement. Det gjer at fleire blir kjent med oss som arbeidsplass.
Ho deler gjerne glimt frå arbeidsdagen i sosiale media, slik som fredagslunsjen, pausetrimmen og svelesteiking med direktøren på terassen.
Nav økonomiteneste er eit stort fagmiljø med rom for både spesialisering og breidde. Internt blir det lagt til rette for mobilitet, vidareutdanning og vekst.
– Når vi lyser ut ei stilling sjekkar vi alltid internt først. Er det nokon som ønskjer å prøve seg på noko nytt? Då er det viktig å gje dei moglegheita, seier Ingebjørg.
– Når folk får utvikle seg held dei seg lenger. Her skjer det utvikling heile tida, både på fag og teknologi, som gjer at ein heile tida må og får utvikle seg. Det betyr mykje for miljøet og stabiliteten vår, seier Linn Tove.
Turnover har dei – som dei fleste. Men dei opplever sjeldan at det handlar om misnøye.
Mange har vore der så lenge at det blir naturleg å prøve noko nytt. Andre flyttar på grunn av studier eller familie. Men det fine er at folk kjem også tilbake. Berre i år har fire tidlegare tilsette komt att. Det trur dei handlar om både oppgåver og arbeidsmiljø.
– Mange får seg ein aha-opplevelse når dei ser kva vi faktisk jobbar med her. Vi har ansvar for Noregs største rekneskap, og det skjer mykje innan teknologi og utvikling. Det at folk både blir og kjem att, tek vi som eit veldig godt teikn.