Thomas Bremanger kommune

Nyheiter

Balestrending rekrutterer til Bremanger

Då Thomas flytta til Svelgen for å jobbe der eit år, var oppgåva hans å få andre til å gjere det same.

Thomas Reggie Ytrelid Thorsnes (22) er sjølv frå Balestrand, og meiner det er ein styrke å kome utanfrå.

– Det er nyttig å vere ny, smiler han og utdjupar:

– Det er berre bra med den distansen eg har. Eg ser Bremanger med tilflyttaren sine auge, og veit kva du som vurderer å flytte vil vite.

Bulyst i Bremanger

Det var ei interessant traineestilling som fekk Thomas til å flytte på seg. Med ein bachelor i PR, kommunikasjon og media fekk han stillinga som kommunikasjonsrådgivar i Bremanger kommune.

– Eg har fått ansvaret for å utvikle ein nettstad som viser Bremanger sine tilbod innan bustad, arbeid og fritid. Ei nettside som fremjar bulyst i kombinasjon med andre tiltak skal skape eit fortrinn i rekruttering og tilflytting, forklarar han.

Må vere synlege

Ifølge Thomas er det ikkje er nok å vise fram ei ledig stilling:

– Folk som kjem utanfrå ser berre den ledige jobben. For at folk faktisk skal flytte på seg, må dei vite kor fint det er å bu her og ha kunnskap om tilboda våre. Bremanger skårar til dømes høgt på kultur og fritid, men det er jo berre vi som bur her som veit. Fleire må få vite det!

Bremanger

Naturen er ein av fleire gode grunnar til å flytte til Bremanger.

Bremanger

Vetvika: Innbyggarane har kort avstand til store opplevingar.

Tilflyttartiltak med suksess

Som del av satsinga på tilflytting har kommunen innført fleire gode for dei som vel å slå seg ned:

– Kommunen har innført fleire rekruttering- og tilflyttingsstiltak, seier han og ramsar opp:

– Tilflyttarkontor, bustadtilskot, fritidskort, startlån, gratis barnehage, økonomisk startpakke for nye arbeidstakarar og sletting av studiegjeld. Til saman kan dette utgjere ein betydeleg forskjell i etableringsfasen, seier han og kan fortelje at bustadtilskotet har vore veldig populært.

"Vi var nøydde til å tenke nytt."

Ordførar Bremanger kommune

Ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde.

Starta med behov i eigen organisasjon

Ordførar i Bremanger kommune, Anne Kristin Førde, fortel at opphavet til tiltaka var prekære behov i kommunen:

– Vi hadde problem med å rekruttere til stillingar i kommunen, og fekk blant anna ikkje tak i lærarar og folk i helse og omsorg. Derfor var vi nøydde til å tenke nytt.

I tillegg til tiltaka Thomas nemner, har dei etablert ein eigen bemanningsbase:

– Her tilbyr vi etablerte stillingar for sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar som ønskjer ein årsturnus med moglegheit for ulike vaktlengder og lange friperiodar. Det har vist seg å vere ei god ordning.

Freistande rekrutteringspakke

Anne Kristin kan fortelje at interessa for bustadtilskotet på 200.000 til førstegongsetablerarar har vore så stor at dei har sprengt budsjettet.

– Før påske hadde vi betalt ut over seks millionar i bustadtilskot!

Det ser ho på som ei god investering:

– At så mange under 50 har investert i eigen bustad i Bremanger, har vore bra for bustadmarknaden. Samtidig har vi fleire søkarar på stillingane vi lyser ut og har sett ein enorm forskjell etter at vi innførte tiltaka, seier ho fornøgd.

Det er hovudsakleg unge familiar som har nytta seg av tiltaka.

– Dei seier rett ut at det er rekrutteringspakken som freistar.

Kjem ikkje berre på grunn av pengane

Ho trur likevel ikkje tilflyttarane kjem «berre» fordi dei vil spare pengar.

– Eg trur det er først og fremst barnefamiliar som opplever byen som hektisk og kostbar, og ønsker eit annleis liv, som søker seg til Bremanger.

Framover håpar ho på ei jamn kurve.

– Vi håpar interessa vil vare. Det er naturlegvis ekstra stor interesse i starten for slike tiltak, men målet er at rekrutteringstiltaka vil gi jamn tilflytting.

Nyttig å vere ny, men no skal han flytte.

Thomas på si side er på veg ut av Bremanger. Når traineeåret er over, søker han nye eventyr.

– Desto meir du kjem inn i systemet, desto vanskelegare er det å sjå kva som manglar, ler han.

– Eg tek med meg erfaringa eg har opparbeida meg om bulyst og å dyrke distriktet, og reiser vidare. Gjerne til ein ny, liten kommune som treng kompetansen min.

Om det er éin ting han har lært dette året, er det at innbyggarane er ein kommune sine beste ambassadørar:

– Vi har jobba mykje med korleis vi skal formidle både Bremanger og rekrutteringstiltaka våre. Når det kjem til stykket er det kanskje det som blir sagt på folkemunne som er viktigast. Dialog med innbyggarane er heilt avgjerande for at dei skal vere gode ambassadørar for tilflytting, avsluttar han.

Fleire saker