Kari på Elevate

Nyheiter

– Opnar auga for arbeidslivet i Sunnfjord

Tips frå ei tante fekk Kari til å sjekke ut programmet på Elevate. Det angra ho ikkje på.

– Eg bur eigentleg ikkje her, seier Kari Rasdal Vik (26). Tanta mi tipsa meg om å sjekke ut programmet til Elevate. Det gjorde eg, og no er eg her, smiler ho.

«Her» er Lotteri- og stiftelsestilsynet sitt eige lounge-område. Mjuke stolar, varm kaffi og digg lunsj. Det er berre til å lene seg tilbake for fagleg påfyll. Irene Fossen, aka Frøken Klarspråk på LinkedIn, skal i dag lære oss å skrive oss til tillit. Nær tretti personar har tatt turen for å høyre på ho, og i publikum er det fleire som jobbar med kommunikasjon, men også andre fagfelt er representert.

Elevate

Irene Fossen er «Frøken Klarspråk» på LinkedIn.

Elevate Førde

Nær 30 personar ville lære meir om å skrive seg til tillit.

Nyttig påfyll for fleire fagfelt

Kari har ein master i psykologi, men er glad i å skrive og synest dagens tema er nyttig uavhengig av kva fagfelt du jobbar innan:

– Du kjem stadig i situasjonar der formidling er viktig. Eg likte tipset om å alltid vere bevisst på mottakaren, og at det relasjonelle også er viktig når du skriv til nokon.

Fast jobb, men open for forslag

Kari er frå Bryne, men har familie i Sunnfjord. Det er også i Bryne ho snart startar i fast jobb som pedagogisk-psykologisk rådgivar. Såleis er ho kanskje eit håplaust tilfelle for festivalen sitt viktigaste mål: Å få fleire til å både bli og søke seg til arbeidsmarknaden i Sunnfjord. Men det er ikkje Kari einig i:

– Festivalen opnar auga for kva jobbar du kan få her. Sjølv om eg snart startar i fast jobb ein annan stad, veit eg at det finst masse spennande her også. Eg er ikkje framand for å søke jobb i Sunnfjord i framtida.

Med ein master i psykologi ønsker ho å jobbe innan helse.

– Eg har merka meg at det skjer mykje interessant innan psykologi og helse i området, og at her er eit spesielt innovativt miljø.

"Planlegginga startar nuh!"

Lise Lydersen

I gang med neste års festival

Lise Lydersen i Sunnfjord Utvikling hadde ansvaret for gjennomføringa av årets festival. 17 ulike arrangement stod på programmet til festivalen som er kjend for å kombinere fag med fest. Her kunne du delta på alt frå styrekurs og lunsjkurs om AI og berekraft, til boksing, ølsmaking og gatefest.

– Korleis har det gått?

– Vi er fornøgde med kvaliteten på programmet og har fått gode tilbakemeldingar frå publikum. Vi skulle gjerne hatt fleire deltakarar i år, og ser at vi må starte planlegginga tidlegare.

Dato for neste års festival er allereie satt, og det same er første planleggingsmøte.

– Neste år skal vi treffe både næringsliv og publikum betre. Difor startar planlegginga nuh!

Fleire saker