VestLAN 2020 Virtual: – Stor suksess

Skriven 29.04.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Prosjektleiar, Allan Madsen ser tilbake på VestLAN Virtual 2020 med eit smil om munnen.

Florøværingen trur det virtuelle LANet kan vere starten på noko større. Med 550 betalande deltakarar, store streamingtal, omtale i landsdekkande media, svært engasjement i sosiale medium og i Discord, er han likevel nøgd med jomfruturen til det virtuelle LANet.

Kan ha starta noko større

– Det er klart det gir meirsmak. No gjekk det veldig godt denne helga, og eg trur vi kan gjere det enda større seinare. Vi greide å skape ein av dei største onlineturneringane som har vore i Norge. I tillegg brukte vi berre tre veker frå idéen kom til live, og til den vart realisert. Det er eg veldig fornøgd med, fastslår han.

Teket på det tekniske

– Vi har heller ikkje noko hatt problem av betydning på det tekniske planet. I praksis vil det seie at alle som ville spele, fekk spele. All kommunikasjon som skulle kommuniserast, vart kommunisert. Nokon utfordringar var det sjølvsagt, men ingen av stor betydning. Teknisk sett gjekk det på skinner… om ikkje langt unna, seier Madsen og humrar.

Han nemner likevel at den amerikanske rapparen Travis Scott lagde trøbbel med Fortnite-serverane, då han hadde ein virtuell konsert gjennom spelets serverar. Dermed måtte turneringa utsettast til mandag/tirsdag.

Les også: Virtuell fest frå VestLAN

E-sport-miljøet hyllar VestLAN Virtual 2020

Då kommentator i CS:GO, Leon Andor Karlsen intervjua deltakarar undervegs i sendinga frå Twitch, var det ikkje få lovord om LANet. Tilbakemeldingane frå deltakarane rosa oppfinnsomheita bak det virtuelle LANet, og at VestLAN skapte noko anna enn dei vanlege turneringane som finn stad.

Opnar for fleire virtuelle LAN

– Det er i utgangspunktet planlagt eit fysisk VestLAN i haust, men det er fortsatt usikkert om det blir mogleg å gjennomføre det i september som planlagt. Men vi avlyser ingenting. Vi skyver heller på arrangementet. No veit vi jo at eit virtuelt LAN også kan finne stad, så det kan jo alltids vere eit fint plaster på såret, seier prosjektleiaren. 

Kollasj: Her er nokre av dei nesten 600 opprigga spelestasjonane frå deltakarar 
på VestLan VIRTUAL 2020.


Topplasseringar:

VestLAN Virtual 2020 Fortnite

1.plass 7 000 NOK : Playwell Styrsix x Vetle

2.plass 3 000 NOK : kayy & sibirk

3.plass 2 000 NOK : erud

4.plass 1 500 NOK : FL1KZY & ZENIX (UNLUCKY)

5.plass 1 000 NOK : juice

6.plass 500 NOK : Hassrepp x Kvetix

VestLAN Virtual 2020 PUBG
1.plass 10 000 NOK : Bitfix gaming

2.plass 5 000 NOK : Playwell

3.plass 3 000 NOK : Ukjent Mix

4.plass 2 000 NOK : EndZone

VestLAN Virtual 2020 CS:GO

1.plass 15 000 NOK : Apeks

2.plass 10 000 NOK : Bergråttorna 

3.plass 5 000 NOK : VISAGE

Skjermdump: Frå semifinalen i CS:GO mellom Visage og Apeks. Sistnemnde vant heile 
turneringa!

Framtidsfylket er saman med Enivest, Sunnfjord Utvikling, Høgskulen på Vestlandet stolt samarbeidspartnar for VestLAN Virtual 2020 – Powered by Enivest.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.