Bremanger kommune

Arbeidsliv

– Du må få kjærasten min til å bli med heim!

Konkrete moglegheiter, jobb til partner og attraktive bustadregionar stod i fokus når bedrifter frå Vestland møtte jobbsøkarar på Ta Steget i Bergen.

Ein god profileringsarena

Helgesen Tekniske Bygg deltok på Ta Steget for første gong, og fortel at det var eit naturleg steg vidare. Bedrifta har nyleg blitt medlem av Framtidsfylket, og lyst ut si første stilling gjennom traineeordninga. For dei er det gode grunnar til å delta på slike messer:

– Vi ønskjer å profilere oss meir på ulike karrieremesser, både retta mot høgskule og universitet, vidaregåande og andre meir yrkesretta messer. Målet er å knyte til oss aktuelle kandidatar tidleg, og finne gode kandidatar til stillingar vi skal dekke inn akkurat no, seier Børre Sundsøy, HR-leiar i byggeselskapet som har base på Valestrandsfossen på Osterøy.

Han oppsummerer dagen i Grieghallen slik:

– Profesjonelt arrangement, attraktive bedrifter på stand og perfekt lokasjon for ei messe. Vi fekk kontakt med ein del kvalifiserte kandidatar, mellom anna ein nyutdanna arkitekt som allereie har søkt via heimesida vår. Vi deltar svært gjerne igjen, konkluderer han.

HTB

HR-leiar Børre Sundsøy sto på stand for Helgesen Tekniske Bygg.

– Du må få kjærasten min til å bli med heim!

På standen til Bremanger kommune møter vi tre engasjerte representantar i rosa t-skjorter. Dei meiner messa er ein god arena for å vise fram kva kommunen har å tilby, og har møtt både potensielle heimflyttarar og andre nysgjerrige.

Eit tema går igjen blant dei som har flytta frå kommunen:

– Ein av dei vi snakka med sa at vi måtte rekruttere kjærasten hans – vi måtte få ho til å bli med heim! Det er ofte utfordringa for utflytta bremangerværingar. Dei har gjerne ein partner frå ein annan stad, og då må begge sjå moglegheiter viss dei skal flytte tilbake. Men det går an! Det har vi mange døme på, seier dei lattermildt.

For å gjere valet enklare har kommunen sett saman ein tilflyttarpakke: Gratis barnehage, 200 000 kroner i bustadtilskot, og eigne tilflyttartilskot for enkelte yrkesgrupper som kommunetilsette, lærarar og sjukepleiarar.

– Kjem du til Bremanger og nyttar deg av tilflyttarpakken, er det mange pengar spart. Vi har mykje å tilby, men vi må vere synlege for at folk skal vite om det. Mange har kanskje ikkje sett for seg at dei skal flytte til oss, men når dei får høyre kva vi kan tilby, ser dei at det faktisk er mogleg. Vi merkar at det har ein effekt.

Bremanger kommune

Suzanne Hagebø, Anita Solberg og Marita Bortheim-Mulelid frå Bremanger kommune.

Først og fremst på jakt etter jobb

På standen til Sogn møter vi tre representantar frå kommunane Sogndal, Lærdal og Aurdal. Dei opplever at mange er interesserte i Sogn som bustadregion, men at det først og fremst er jobbmoglegheitene som trekkjer folk til messa.

– Dei er ganske direkte på at dei vil vite kva slags jobbar som finst. Samtalen kjem sjølvsagt også inn på friluftsliv og livet i Sogn, men det er jobben som står i fokus, fortel dei.

Ei felles nettside for ledige stillingar i regionen har vist seg å vere eit nyttig verktøy i møte med jobbsøkarane.

– Vi viser til sogn.no, der alle ledige stillingar i regionen er samla. Fleire har sagt at dei tidlegare har hatt vanskeleg for å finne oversikt. Ein felles portal gjer det mykje enklare. 

Sogn Ta Steget

Tuva Lilleås (Lærdal), Regina Ådland (Aurland) og Ida Sophie Ulshagen Øye (Sogndal) representerte kommunane i Sogn saman med Sogn Næring.

Vil vidareutvikle karrierecup-konsept

I år kunne arbeidsgivarar og jobbsøkarar melde seg på ein karrierecup der dei vart sett saman til personlege jobbsamtalar basert på match i fagfelt. Heile 140 studentar meldte interesse for å delta. Frida Pedersen Bekkestad deltok på arbeidsgivarsida for Digitaliseringsdirektoratet, og seier:

– Vi synest det var utruleg kjekt å møte studentar og få snakke meir direkte med dei som hadde konkrete spørsmål knytta til sitt fagfelt, samtidig som det var flott å vere med å teste eit nytt konsept. Vi opplevde at samtalene ga god anledning til å formidle breidda i fagområda hos Digdir, og gje studentane moglegheita til å bli kjent med oss som organisasjon.

Karrierecup

Karrierecup: Personlege jobbsamtalar på inntil 25 minutt var populært blant studentane.

Samstundes har vi fått gode tilbakemeldingar på korleis vi kan vidareutvikle konseptet til neste gang. I alt vart 40 samtalar gjennomført.

– Læringspunkt for neste år blir å ha med endå fleire bedrifter, gje meir og tidlegare informasjon til alle deltakarar og opprette venteliste for studentar som ikkje får plass i første omgang. Med den interessa vi hadde i år, er det heilt klart at dette er noko vi vil utvikle vidare, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland.

Vil du bli meir synleg for arbeidstakaren? Vi vil gjerne bidra.

Sjå våre tenster

Fleire saker