herman og eldar cedra norge

Dei tidlegare studiekompisane Herman Uglum (25) og Eldar Kveane (27) jobbar i Cedra Norge i Sogndal.

Nyheiter

Får lære av dei beste – Slik er det å starte karrieren i Cedra

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Cedra Norge

– Mange trur revisorar sit åleine med reknemaskina og stirer i tal heile dagen. Det er heilt feil, seier Herman Uglum. – Du må tvert imot like å jobbe med folk.

Saman med Eldar Kveane jobbar han med revisjon og rekneskap i Cedra Norge i Sogndal. For få år sidan var dei studiekompisar på økonomi og administrasjon. No er dei i full gang med karrieren, og håpar fleire vil bli med.

– Eg har ambisjonar om å bli så dyktig som mogleg, og då er dette heilt klart rette plassen å vere, seier Herman.

Det som tidlegare var Deloitte-kontor i regionen, er no del av det nye nasjonale selskapet Cedra Norge. No lyser dei ut traineestilling innan revisjon med kontorplass i Sogndal, Førde eller Florø.

Cedra Norge søker trainee: Revisjon

Det beste av begge verder

Sjølv om dei jobbar på lokalkontor, er dei del av eit større fellesskap i Cedra Norge med nærare 500 kollegaer på landsbasis. I tillegg samarbeider kontora i regionen mykje på tvers.

– Her har vi kort veg til dei med mest kompetanse og erfaring, og lærer utruleg mykje på kort tid. Vi som er nye har både fadder og eigen coach, og blir i tillegg del av eit nasjonalt «kull» med eige sosialt og fagleg opplegg. Så du blir verkeleg tatt vare på frå dag éin, fortel dei.

Cedra Norge

Teamarbeid: Ein god miks av nye og erfarne gjer det enkelt å få hjelp når ein treng det. Her er dei tilsette på kontoret i Sogndal.

Bratt og lærerik start

Arbeidskvardagen varierer mykje. Dei to fortel at Cedra er til for det breie næringslivet – alt som ikkje er på børs.

– Vi jobbar med alt frå kiosken på hjørnet til selskap som omset for mange millionar kroner. Det å vere ute hos kundane og bli kjent med ulike bedrifter og bransjar er kanskje det kjekkaste med jobben, seier Eldar.

Som ferske revisorar står dei aldri åleine:

– Vi blir ikkje berre kasta ut på glattisen, men har alltid erfarne på teamet som vi kan spørje. Samstundes får vi nye utfordringar heile tida. Du prøvar, feilar litt – feilar kanskje litt til – også lærer du. Når du endeleg får til noko du har streva med, er det skikkeleg digg, seier Herman.

Sei ja til utfordringar

No håpar dei fleire vil søke traineestillinga og bli med på å utvikle seg i selskapet.

– Eg trur det viktigaste for ein som er ny her er at du har lyst til å lære. Så er det ein styrke å vere open og sosial, for vi jobbar mykje med folk, både her på kontoret og ute hos kundane, seier Eldar.

Kva råd har dei til nye?

Put your head down and work, seier Herman med eit smil.

– Hehe, nei, men det er noko i det. Ta på deg så mange utfordringar du kan, sjølv om det kan verke skummelt. Det blir litt som å hoppe utfor stupet for å lære seg å fly – det er då du veks.

Dei understrekar óg at du ikkje treng ein master for å søke.

– Det finst mange vegar til å bli ein god revisor. Det fine med å vere ny her, er at ingen forventar at du kan alt. Vi startar frå scratch uansett, med kredit og debit, og byggjer på derifrå.

– Det finst mange vegar til å bli ein god revisor.

Cedra Norge herman og eldar

Eldar og Herman stortrivst på kontoret i Sogndal.

Livet utanfor kontoret

Traineestillinga kan ha kontorplass enten i Sogndal, Førde eller Florø. For dei to som bur i Sogndal, er i alle fall trivselen høg: 

– Det er berre å sjå ut glaset det, seier dei to karane, snur kameraet mot fjella utanfor og gliser.

– Du brukar 20 minutt frå sentrum til du er på ski. Du har alle aktivitetar her, og kan stort sett gå til det meste. Det er eigentleg ingenting vi manglar her.

– Jo, kanskje bowling. Då må vi til Førde. Med bowling hadde det vore komplett, er dei einige om.

Utvikling og måndagskjensla

Eldar har kjøpt seg hus og ser for seg å bli verande i sognebygda. For Herman står ein master snart i vente, men også det har Cedra ei løysing for: 

– Ja, det må vi óg få med: det er masterordning gjennom jobben der du kan få stipend mot at du binder deg til selskapet i ein periode. Du kan ta det enten på deltid eller fulltid. Så det skal eg leggje ein plan for no, fortel Herman.

Elles går dei no inn i høgsesong med årsoppgjer og revisjonar.

– Det er travelt, men det går fint når du likar det du driv med. Det er ein god følelse å gle seg til å gå på jobb på måndag, avsluttar dei.

Cedra Norge er medlem av Framtidsfylket Vestland og har lyst ut traineestilling innan revisjon med oppstart i august. Vil du søke?

Sjå utlysinga her

Fleire saker