
EL-fluensaren Gaute Josvanger er kjend frå TikTok og TV, men trivst best når han kan vere kreativ i elektrikarjobben sin. Helst seint og tidleg.
I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland
Namn: Gaute Josvanger (24)
Utdanning: Elektrikar med fagbrev frå 2022. Studerer elkraft ved Fagskulen.
Yrke og arbeidsgivar: Serviceelektrikar i Josvanger Elektro, som faren starta for 30 år sidan.
Kjem frå: Frå Hafslo i Luster. Bur i Sogndal no.
Kan du skildre ein 10/10 arbeidsdag?
Når alt går etter planen og eg får vere kreativ og løyse ulike problemstillingar, OG det er sol ute, er det ein 10/10 arbeidsdag. Men det skjer sjeldan. Eg kan planlegge alt eg vil, men så går det ikkje som eg hadde tenkt, og dagane blir som oftast jækla lange. Legg til ti minusgrader og å jobbe med hanskar. Prøv det, du!
Kva betyr kollegaene for trivselen din?
Kollegaer er viktig, men som elektrikar opererer vi mykje sjølvstendig. Eg har av og til med lærlingar, og om vi har god kjemi, så blir det ekstra kjekt på jobb.
Kva rolle tar du i eit møte?
Om møtet er med ein kunde, blir eg automatisk både seljar og rådgivar. Det er så mange moglegheiter innan design som eg ønsker å informere og kome med forslag om. Sidan eg er serviceelektrikar, er det naturleg at eg tar ordet og snakkar mykje.
Kor tid er du stolt av yrket ditt?
Det er nesten kvar dag. Eg har skikkeleg yrkesstoltheit og legg mi ære i å gjere ein god jobb. Då betyr at kunden stort sett er jækla happy når eg reiser derifrå. Om det er julaftan og hovudsikringen ryk, då kjenner eg at yrket mitt betyr noko, i alle fall om dei skal få steikt den ribba.


Om du måtte bytte yrke i dag, kva ville du ha jobba med?
Noko innanfor content, til dømes med produksjon av film. Eg er jo litt El-fluensar, og det likar eg. Eg har ein TikTok-profil der eg legg ut innhald frå elektrikarjobben, fordi eg vil vise kva vi eigentleg driv med. Mange trur elektrikarar berre koplar lysbrytarar, men vi gjer så utruleg mykje meir. Det er jækla kjekt med positive tilbakemeldingar, og at eg kan inspirere unge folk til å velje elektrikarfaget.
Beskriv arbeidsmarknaden der du bur med tre ord:
Variert: Sogn er stort, frå fjell til vatn. Imøtekomande sogningar: Sjeldan eg møter nokon som ikkje vil prate. Rikeleg med arbeid: kkje for lite å gjere i alle fall.
Kva er ditt beste tips for å balansere jobb og fritid?
Då spør du feil person! Livet mitt er rundt elektro, og hobbyen min er også knytt til jobben. Om eg ikkje vil blande jobb med fritid, bør eg finne meg ein annan jobb eller bytte nummer. For å vere heilt ærleg, så er det heilt greitt med ein jobbtelefon på kvelden. Dagane flyr, og eg tenker ikkje på jobben som jobb.
Kva gjer du på fritida for å hente deg inn igjen etter ein travel periode på jobb?
Det som er fint i Josvanger er at vi styrer dagane sjølv. Det betyr at eg kan ta fri ein onsdag utan å sjekke med kontoret. Eg jobbar masse når eg har lyst, og så tek eg fri når eg til dømes har lyst på ein tur til Oslo. For å kople heilt av, brukar eg trening.
Om du skulle overtale nokon til å søke jobb i Vestland, kva hadde du sagt til dei?
Bra folk og bra arbeidsplassar.
Nemn ei bedrift eller ein arbeidsgivar i regionen din som du har skikkeleg trua på?
Bortsett frå oss sjølve? Nei, det må bli Josvanger Elektro. Eg veit vi skal gjere det bra framover. Du må ha trui! Og så er det eit stort pluss at eg var med i TV-serien «Elektrikerene» og promoterer oss i sosiale medium. Det er god reklame for bedrifta.
– At eg var med i TV-serien "Elektrikerene» er god reklame for bedrifta.

Fortel om det mest spennande du jobbar med akkurat no?
Akkurat no har eg ingen store oppdrag, men eg må nemne bror min som bygger eit veldig fint hus, der eg bidrar. Han sparer ikkje på det elektriske, og har valt kreative løysingar med alt av smartstyring. Der får eg verkeleg vere kreativ!
Og så elskar eg rehabilitering av gamle hus. Dei treng ikkje led-stripe, men andre gode og fine løysingar. Om du klarar å finne ein perfekt måte å løyse elektronikken på i gamle hus, er det jammen kjekt å vere på jobb.
Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid? Praktisk.
Jobbe inne eller jobbe ute? Inne.
Matpakke eller kjøpe lunsj? Ingen av delane, for eg har ikkje tid til lunsj. Det blir stor frukost og stor middag.
Ferie eller kvardag? Kvardag. Blir så rastlaus på ferie.
Kreativt arbeid eller rutinearbeid? Kreativt.
Starte tidleg eller gå heim seint? Begge deler. Godt å starte tidleg og gå heim seint. Får gjort mykje då.
Leie eller bli leia? Eg likar å leie andre. Og meg sjølv