Img6101 768x768

Vekas ledige stillingar i Sogn og Fjordane

Skriven 10.10.2018 under Nyheiter

Media og IT, to kule arbeidsområde, har fleire ledige stillingar til deg. Sjekk ut vekas jobbar.

Om målet er å bli nynorskbrukande journalist, byr det seg fleire sjansar i Sogn og Fjordane akkurat no. Nynorsk avissenter lyser ut fire praktikantstillingar og NRK Nynorsk mediesenter  lyser ut fem praktikantstillingar, begge med søknadsfrist 15. oktober. I tillegg har NRK Sogn og Fjordane ledig stilling som nyheitsjournalist.

Også IT-jobbar er det godt utval i. HansenCX (tidlegare Enoro) ser etter dyktige utviklarar og konsulentar til sitt kontor i Dale, og treng både ein kundesystemkonsulent og ein systemutviklar. Serit Fjordane IT styrkar bemanninga si og søker etter IT-konsulentar til sitt kontor i Stryn. Dei ser etter deg som evnar å sjå kundens utfordringar, og klarar å kople saman teknologi og menneske. Lyst til å jobbe med digitalisering og tilgjengelegheit? Difi har ledig ei midlertidig stilling som teknolog frå 01.12.2018 – 30.11.2020. Arbeidsstad er Leikanger.

Selje kommune treng både ein fastlege og sjukepleiarar, så her er det moglegheiter for deg som i tillegg til karriere er opptatt av ein aktiv livsstil. Storslagen natur, surfing, krittkvite strender og eit godt skule- og barnehagetilbud er berre noko av det kommunen kan tilby.

Ikkje det du såg etter? Fleire ledige stillingar finn du her.

Foto: Nynorsk mediesenter.