Ulvesund Elektro søker ingeniørar og serviceteknikar  

Skriven 16.11.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Gode utviklingsmoglegheiter og kjekke kollegaer med godt humør er berre ein brøkdel av godene du får som tilsett i Måløy-bedrifta.

Alle foto: Ulvesund Elektro

– Noko av det kjekkaste med å jobbe i Ulvesund Elektro er at alle får delta i diskusjonar, og alle blir høyrd. Vi er eit familieeigd selskap med aktive eigarar, som gjer at det er kort veg til avgjersler. Ein diskuterer og kjem fram til løysingar saman, og det er veldig viktig, seier Birger Silden, som er dagleg leiar i selskapet.

Ulvesund Elektro er ein totalleverandør av elektrotekniske tenestar til privat – og bedriftsmarknaden.
– Det kjekkaste med å jobbe i Ulvesund Elektro er at her blir alle høyrd, seier dagleg leiar i Ulvesund Elektro, Birger Silden.

Balansert gjeng

Neste år kan dei heise flagget for 40 år som bedrift. Ifølge dagleg leiar er det er fint samansett gjeng som jobbar der.
– Her jobbar folk som har vore tilsett frå tidleg på 80-talet, til lærlingar som kjem rett frå vidaregåande skule. Det er viktig at vi følger på med friskt blod heile vegen. Det gir oss ein unik moglegheit til kompetanseutveksling. Dei eldste får hjelp til å fornye seg, og dei yngre får dra nytte av erfaringa hos dei som har vore i selskapet lengre. Dette ser vi på som svært positivt, både for det faglege, men ikkje minst for det sosiale i selskapet, seier han.

Maritim elektronikk i fokus

No skal dei satse på maritim elektronikk for proffmarknaden, og har dermed behov for å auke staben med fleire flinke folk.

– Her får ein ta del i ei spennande, ny satsing. Dette er noko vi no har starta og held på å bygge opp. Vi har fått med oss folk med erfaring, men grunna auka førespurnad må vi få inn enno fleire folk.

Sjå stilling som ingeniør: maritim elektronikk og serviceteknikar.

Moglegheit til å skape

I stillinga som prosjektingeniør får ein moglegheit til å jobbe i eit fagleg dyktig team saman med både eldre og yngre ingeniørar.

– Ein får vere med på å skape noko. Så for dei som vil noko, og vil prege arbeidsdagen sin sjølv, er dette ein ypparleg moglegheit, seier han.

Yrande liv

Silden meiner sjølv at Måløy har mykje å by på, både med tanke på karriere og fritid.

–  Her er det mykje som skjer. Næringslivet satsar. Bedriftene er i vekst. Det blir satsa på nye bustadområder som gjer det enno meir attraktivt å bu her. Her er fritidstilbod, kulturtilbod og alt ein trenger for å trivast. Om somrane er blir det arrangert fleire festivalar her, og då er det eit yrande liv, seier han.

Køfri karriere

Sjølv tok han med flyttelasset sitt frå Bergen til Måløy for 14 år sidan, og det er spesielt éin ting han har sett pris på.

–  Vi veit akkurat kor lang tid vi brukar til jobb kvar morgon, og det er heilt fantastisk. Her er ikkje kø, og det lærer ein å sette pris på etter å ha budd i ein større by nokre år.

Sosialt på fritida

Den daglege leiaren er overtydd om at eit godt arbeidsmiljø er viktig for at folk skal trivast, og selskapet likar derfor å arrangere både formelle og uformelle firmakveldar.

–  Det er både kjekt og viktig å møtast i andre settingar enn på kontoret eller andre arbeidssituasjonar. Vi må ha noko sosialt utanom kontortid også, og kunne snakke om andre ting enn jobb. I tillegg er dei yngste flinke til å finne på tid saman på ettermiddagane og kveldstid, seier han.

 

Hugs å søke på stillingane innan fristen 29. november.

Og sjekk ut portalen vår for fleire attraktive jobbar.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.