Mediebrukettraineordning 768x576

– Traineane gav oss friske tankar og omsetningsauke

Skriven 01.10.2018 under Nyheiter

Mediebruket var med som traineebedrift for første gong i fjor. Det førte til to nye tilsette.

Dagleg leiar, Arild Finne Nybø, fekk velje i ein stor søkarbunke då han skulle tilsette trainee gjennom Framtidsfylket.

– Det var så mange kvalifiserte søkarar at vi valde å ha to. Ut i frå intervju og kompetanse kunne vi tilsett endå fleire, seier han.

Han ser fleire fordelar med å vere traineebedrift.

– Framtidsfylket går breitt ut når dei marknadsfører stillingane – mykje breiare enn kva vi har sjanse til å gjere. Det betyr at vi får tilgang på nokre av dei beste kandidatane i landet. Samtidig er det eit sikkerheitsnett for oss at vi kan avslutte arbeidsforholdet etter eit år om vi likevel ikkje finn rette personen.

Avgjerande nettverk

Han meiner traineordninga er spesielt nyttig for dei som ikkje er frå fylket – og for at dei skal bli verande.

– Gjennom samlingane fekk dei bli kjent med andre trainear, samtidig som dei fekk kjennskap til næringslivet og møte potensielle kundar. Eg er sjølv tilflyttar og veit kor nyttig det er å bygge nettverk for å trivast og å jobbe her.

Friske tankar og omsetningsauke

Mediebruket sine trainear hadde eitt år på seg til å bevise at dei kunne passe i bedrifta. Etter berre eit halvt år valde Nybø å gje både Oda Holmelid Sandvik og Endre Erdal fast stilling.

– Dei har vist seg å vere uvurderlege for oss. Vi er i vekst og trengte fleire hovud og hender, samt friske tankar inn i bedrifta. Omsetninga har vekse med dei, og då var det uaktuelt å kutte dei ned att.

Ekstremt viktig for Sogn og Fjordane

Han kan trygt anbefale andre bedrifter å ta inn ein trainee eller to gjennom Framtidsfylket si ordning.

– Du må sjølvsagt sette av tid og pengar til rekruttering og opplæring, men det må du uansett når du tilset. Vi har valt å dele på ansvaret for traineane, og det kan vere ei god løysing i ein travel jobbkvardag.

For Sogn og Fjordane trur han programmet er ekstremt viktig.

– Den omfattande og felles marknadsføringa av stillingane gjer at mange får opp auga for moglegheitene som er her. At programmet har opp til 1000 personar søkarar kvart år, betyr at 1000 menneske har sett potensiale i å jobbe i Sogn og Fjordane. Når dei snakkar med andre, vert talet på dei som får kjennskap til arbeidsmarknaden her det mangedoble.