Foto: Firdaposten. Her frå talarstolen på rekrutteringstreff i Florø.
Når Anne-Stine får vere på farten, er både ho og arbeidsdagen oppe og nikkar.
I Jobbintervjuet blir vi litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.
Namn: Anne-Stine Meland
Utdanning: Lærarutdanning og master i teknologi- og vitskapsstudiar
Yrke og arbeidsgivar: Rådgjevar og kompetansekoordinator i Måløy Vekst og Studiesenter Kysten
Dei kjekkaste arbeidsdagane er heilt klart dei dagane eg er på farten – eller «i felten» – og får snakke med og bli kjend med nye folk. Å reise på bedriftsbesøk eller i møte med næringslivet og høyre kva kompetanse dei meiner er viktig framover, kva behov som finst no, og korleis vi saman kan møte desse utfordringane – det er det beste eg veit. Særleg når vi i Studiesenter Kysten klarer å få til kompetanseheving, anten gjennom kurs eller ei utdanning. Alt i alt er det kjekkaste med denne jobben at eg får møte så mange kjekke folk!
Kollegaene mine betyr alt! Både i Måløy Vekst og i Studiesenter Kysten har vi eit tett og godt samarbeid der vi spelar kvarandre gode. Når ein har ein jobb der ein gjer mykje forskjellig, er det godt å kunne prate med andre som har ulike erfaringar og bakgrunn. Eg trur vi utfyller kvarandre og byggjer kvarandre opp som team. Og så er det sjølvsagt ekstra kjekt å kome på jobb til trivelege kollegaer med mykje humor og godt humør!
Eg er stolt av yrket mitt når eg ser at arbeidet mitt har ein positiv verknad for andre. Ungdomsfiske er eit godt eksempel. I lag med Kinn kommune har eg vore med på å få i gang kommunalt ungdomsfiske for andre gong. Det gjer at ungdommar som elles ikkje har moglegheit til å prøve seg som fiskarar, no får vere med på sjark i ei veke i sommar – under kyndig rettleiing frå ein erfaren fiskar. Alt takka vere eit engasjert næringsliv i regionen, som stolt sponsar og gjer dette mogleg!
Om eg fekk velje heilt fritt, hadde det definitivt vore å bli arkeolog! Altså å grave med skei – som eg har fått høyre når eg har nemnt det før 😊
Verdiskapande, havbasert og spanande!
Det handlar rett og slett om å halde seg til arbeidstida på kvardagar. Det har eg vorte ganske flink til, sidan eg fekk barn før eg byrja å studere. Då hadde eg berre dei timane ho var i barnehagen tilgjengelege til studiar. Eg har klart å halde på den rutinen, så lenge det ikkje skjer noko spesielt.
"Det handlar om å halde seg til arbeidstida på kvardagar."
Det kjem an på settinga. Eg er ganske avslappa og lytter som regel først før eg seier noko. Eg har ikkje behov for å stikke meg fram, men dersom det er noko det er naturleg at eg tek tak i eller har meiningar om, så gjer eg sjølvsagt det.
Eg ville sagt at moglegheitene her er svært gode. Her får ein ofte sjansen til å prøve seg på fleire område, og når miljøa er mindre – som dei ofte er utanfor byane – blir ein i større grad sett og får moglegheit til å vise kva ein kan. Det er ein stor fordel, fordi arbeidet blir meir variert og sjansen for ei bratt karrierestige blir større.
Eg er kanskje litt inhabil sidanf leire av kollegaene mine i Måløy Vekst er involverte, men ei bedrift eg verkeleg har trua på, er Måløy Adventure. Dei har klart å byggje opp ein heilt ny bransje i Måløy og skapt fleire nye arbeidsplassar innan reiseliv. I tillegg har dei ein forretningsmodell med fokus på lokal verdiskaping, som er ettertrakta og til inspirasjon for mange andre aktørar.
Det er vanskeleg å velje, men vi er heilt i startfasen med eit prosjekt vi kallar Campus Måløy. Det skal vere ein felles arena for alle som jobbar med kompetanseheving i regionen. Først og fremst handlar det om å samle alt på ei nettside, og så vil vi etter kvart samarbeide om aktivitetar, kurs og utdanningar. Eg trur dette kan bli veldig spanande og bidra med mykje positivt for lokalsamfunnet!
Praktisk arbeid eller stillesitjande arbeid? Blanding, slik som eg har no.
Jobbe inne eller ute? Må nok bli inne, trur eg. I alle fall her på Vestlandet...
Matpakke eller kjøpe lunsj? Skulle gjerne sagt matpakke, men eg likar best kjøpelunsj!
Ferie eller kvardag? Ferie, på tur ein eller annan plass.
Kreativt arbeid eller rutinearbeid? Begge delar – helst kvar dag.
Starte tidleg eller gå heim seint? Absolutt starte tidleg.
Leie eller bli leia? Begge deler er heilt greitt.