Torbjørn Selseng

Skriven 08.10.2019 under Trainee

Kven er du?
Torbjørn Selseng, 29 år, frå Sogndal. Dei siste ti åra har eg vore kanonkommandør, radiojournalist og pannebåndgrunder. Eg har bachelor i journalistikk frå Volda, bachelor i statsvitskap frå Oslo og master i klimaomstilling frå Sogndal. Eg likar å vera ute på tur.

I kva bedrift er du tilsett?
Eg er trainee i Vestlandsforsking i Sogndal.

Kvifor søkte du traineestillinga?
Eg syns det er kjekt å skape, og eg er veldig glad i ny kunnskap. Då er det stas å kombinere dei to, og få vere med på å lage ny kunnskap. På Vestlandsforsking jobbar me mykje med klimaendringane, og for meg er det er ei utømmeleg kjelde til fasinasjon, både fordi det er så skremmande og fordi det er så komplisert.

Kan du dele ein fun fact om deg sjølv?
Eg har min eigen vesle snusfabrikk med sjølvdyrka tobakk.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.