Tor-Inge Øvrebotten Myrhol

Skriven 15.09.2016 under Trainee

Utdanning

Eg er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøgskule (NHH) med master i økonomi og administrasjon. Før det tok eg ein bachelor i økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og ved Augustana University i USA. Eg har også fagbrev i kjemiprosessfaget.

 

Traineestilling

Eg er tilsett hos Deloitte ved kontoret i Florø. Her jobbar eg med revisjon og rådgjeving for ulike bedrifter i Sogn og Fjordane.

 

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte denne stillinga fordi det verka som ei spennande og lærerik stilling. I stillinga får eg grundig opplæring innan revisjon og rådgjeving, samtidig som eg blir betre kjend med næringslivet i fylket. I Deloitte jobbar ein mykje i team samansett av personar med ulik kompetanse og erfaring, noko som gjer at ein som nyutdanna får tett oppfølging av fleire personar. Ein får også vere med på større delar av eit revisjonsoppdrag samanlikna med eit større kontor, noko som gir ei bratt læringskurve.

Gjennom Framtidsfylket Trainee får eg treffe og bli kjent med andre nytilsette ved ulike bedrifter i Sogn og Fjordane. Her får eg eit stort nettverk av personar med ulik bakgrunn og utdanning som eg kan utveksle erfaring med. Ved at vi har traineesamlingar på fleire stadar i Sogn og Fjordane med bedriftsbesøk som del av programmet blir vi betre kjent med næringslivet i fylket, noko som også er nyttig i jobben min i Deloitte sidan vi arbeider med mange ulike bedrifter. På samlingane får vi også sjå kva Sogn og Fjordane har å by på av natur og opplevingar gjennom aktivitetar på dei ulike stadane.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.