Linda Hovland

Arbeidsliv

Må du ha nokon med erfaring?

Bedrifter i Vestland ropar etter folk, medan nyutdanna står utan jobb. Det heng ikkje heilt på greip.

Dette er ein meiningsartikkel av Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

NHO sitt kompetansebarometer viser at 63 % av bedriftene i Vestland ikkje får tak i nok folk med rett kompetanse. Samtidig er arbeidsløysa for nyutdanna på eit rekordhøgt nivå. Faktisk har det ikkje vore vanskelegare for nyutdanna med mastergrad å få seg jobb på minst 25 år. I tillegg har det dei siste to åra vore ei auke på 18% av studentane som seier dei tek vidareutdanning fordi dei slit med å få seg jobb.

Dette er eit paradoks. Og det peikar mot ei viktig erkjenning: Når mange bedrifter seier at dei manglar folk, meiner dei ofte folk med erfaring.

Er vi i ferd med å produsere eit system der høgt utdanna unge vert tvungne til å ta irrelevante jobbar eller studere på nytt mot sin vilje? 

Dette er ikkje berre eit individuelt problem. Det er samfunnsøkonomisk sløsing med human kapital.

Difor spør eg: Må du eigentleg ha nokon med erfaring? 

Ein uroleg verdssituasjon, prisvekst, omstilling og krav om effektivisering pregar arbeidslivet. Men sjølv om omstillingstakta i samfunnet er høg, går det langt tregare når det gjeld rekruttering. Mange leitar framleis etter den same kandidaten: Ein som har gjort jobben før. 

Problemet er berre at alle andre leitar etter akkurat den same personen. 

Arbeidskraftkrisa handlar derfor ikkje berre om mangel på kompetanse. Den handlar om korleis vi ser, utviklar og tek i bruk menneske. Dei beste arbeidsgjevarane framover vil vere dei som rekrutterer breiare, tenkjer meir langsiktig og tør å satse på potensial – ikkje berre erfaring. 

Når nesten 3 millionar allereie er i jobb, kjem ikkje løysinga primært frå å finne fleire erfarne. Når mange trivst der dei allereie er, er det avgrensa kor mange erfarne kandidatar som faktisk er tilgjengelege og på jobbjakt.

Løysinga er derfor ikkje å leite hardare etter dei same folka. Løysinga er å sjølv utvikle nye, og få inn fleire av dei som står utanfor. 

Mi oppfordring er difor: tenk deg om éin gong til før du konkluderer med at ei stilling treng erfaring. Gjer som Lotteri- og stiftelsestilsynet, og spør oftare: Kva må kandidaten kunne frå dag éin, og kva kan lærast undervegs? 

For om vi ikkje gir nyutdanna sjansen til å få erfaring, kvar skal erfaringa kome frå då?

Linda Hovland
Dagleg leiar i Framtidsfylket Vestland

Fleire saker