
Då Martine gjekk gjennom lista over ledige jobbar, dukka det opp ei stilling som kombinerte utdanninga og interessene hennar perfekt.
– Eg var eigentleg ikkje på jobbjakt, men denne jobben var midt i blinken.
Martine Myren (29) smiler når ho seier det. Rundt oss blinkar det i skjermar, VR-briller ligg klare til bruk, kamera står rigga og ulike 3D-printarar er lina opp. Vi er på Læringslab ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), campus Førde – ein stad der teknologi og framtidas kompetanse møter kreativitet og lærelyst.
Og midt i det heile sit Martine.
Martine er vertskap, formidlar og medieprodusent for Læringslaben i Førde. Ho er den første – og einaste – som jobbar med dette på campus. Læringslaben opna i januar 2024, med eit tydeleg mål: å heve den teknologiske kompetansen blant både studentar og tilsette.
– Retninga framover er meir teknologi. Å bli kjent med system og få det i fingrane er heilt avgjerande for framtida, seier ho.
Jobben hennar spenner vidt: frå brukarstøtte og rettleiing, drift og vedlikehald av teknisk utstyr til video- og multimedieproduksjon.
– Det tok tid å setje seg inn i alt, men så er det jo dei ulike oppgåvene som gjer jobben gøy, seier ho entusiastisk.

VR-brillene blir brukt til både spel og undervising.

3D: Slik ser ein 3D-printar ut. Denne er så populær, at Martine til tider må avgrense bruken.
Læringslaben er eit lågterskeltilbod. Her kan du kome innom, spørje om det du vil og låne utstyr med heim. Gratis. Det treng ikkje vere eit skuleprosjekt heller.
– Det kan vere så enkelt som ei spelhelg, seier Martine.
I Førde har Læringslaben heile 345 utlånseiningar:
kamera, lydutstyr, VR-briller, robotar, spelkonsollar, iPad-ar, streamingutstyr og 3D-printerar.
– Vi er glade når folk brukar utstyret. Blir du trygg på det her, er sjansen mykje større for at du tek det med deg vidare i utdanning, jobb eller kvardagsliv.
"Det handlar om å bli kjent med teknologien."

Læringslaben samarbeider mellom anna med Helse Førde, som brukar VR i rehabilitering. Sjukepleiarstudentar kan til dømes utforske nervesystem og blodårer i VR frå sofaen.
– Slike erfaringar kan gi eit stort konkurransefortrinn i arbeidslivet, seier Martine.
Studentane kjem ofte først for spel og moro, men blir verande fordi dei ser moglegheitene.
– Det viktigaste er ikkje inngangen til bruken. Om det er spel eller noko meir «fornuftig», spelar eigentleg inga rolle. Det handlar om å bli kjent med teknologien.

Build platen har blitt scratcha, og Martine og Gunvor Marie Bjørvik, dataelektronikar-lærling hos IT avdelinga, er straks på saken.
Det heile starta litt tilfeldig.
– Eg såg eigentleg etter jobb til ein eks, ler ho. Så kom eg over denne stillinga og tenkte: Shit, dette høyrest veldig gøy ut!
Ho har utdanning innan IKT, design og media, og er gamer på fritida. Martine starta karrieren som trainee i Mediebruket, og trivdes godt der. Men det vart mange timar i ro framfor skjermen, og litt av spelegleda forsvann. No er kvardagen meir praktisk, sosial og variert.
– Komboen utdanning og interesse var heilt perfekt for meg. I tillegg var det god kjemi mellom meg og arbeidsgjevar.
Medan vi pratar kjem det plutseleg ein student innom.
– Build platen har blitt scratcha.
Gresk for dei fleste av oss, men Martine reagerer raskt. Saman ser dei på problemet, før ho lovar å sjå meir på det når ho har tid.

Populært: Martine er som studentane glad i 3D-printing. Her med ein panda. Gunvor Marie har printa kreativt dørskilt.
Martine opplever god interesse for tilbodet, både frå studentar og tilsette. Nokon kjem for å game, andre for å lage podkast, undervise med VR eller få teknisk hjelp. For mange er Læringslaben eit avbrekk i studie- eller arbeidsdagen og ein stad for ny inspirasjon.
– Eg hadde verkeleg ikkje trudd at ein sånn jobb fanst her, i Sunnfjord. Men det gjer han. Og eg er både heldig og veldig glad for at eg fekk han.
Ho er optimistisk for framtida og håpar endå fleire tek turen innom.
– Du kan ha ein stor fordel i framtida om du byggjer teknisk kompetanse no. Så berre kom innom. Spør. Test. Lær.