
Marianne Pham flytta frå Moss til Sogndal i fjor haust. Etter berre nokre månadar har ho allereie fått seg eit stort nettverk – mykje på grunn av Sogn U40.
Det starta med at bror hennar flytta til Sogndal for nokre år sidan. Sidan vart det fleire besøk, kvar gong med ei kjensle som stadig vende tilbake:
– Vi hadde ikkje lyst å reise herifrå, smiler ho.
Likevel sat avgjerda langt inne. Livet på Austlandet var etablert, men etter at dei fekk born, endra perspektivet seg.
– Det jaget i bylivet freista mindre og mindre. Vi fekk lyst på meir balanse og meir tid til det vi likar. Då byrja vi å sjå etter både hus og jobb i Sogn. Det tok litt tid før vi fekk napp, men omsider løyste det seg, fortel ho.
I dag jobbar ho som digital rådgivar og prosjektleiar i Gasta, der ho arbeider med digital marknadsføring og digitale løysingar. Saman med sambuaren driv ho òg med marknadsføring og vidareutvikling av nettverksemda deira, Phrase.no, som dei har flytta med seg til Sogndal. Familien hennar har funne seg svært godt til rette i Sogndalsdalen.

Det nye styret i Sogn U40 har planane klare for året som kjem. Marianne er ikkje på biletet, men er også med som styremedlem.
Med både bror og eit vennepar i området, visste Marianne litt om kva som venta.
– Eg visste at det var eit ungt miljø her med mange tilflyttarar, og meir fokus på balanse, fjell og turar. Når det gjaldt det sosiale, hadde eg høyrt om U40, men eg visste ikkje om det var heilt for meg.
Kollegaene hennar oppmoda henne til å bli med, og etter å ha delteke på nokre arrangement, merka ho raskt effekten. No er ho sjølv med i styret.
– Nettverket har gitt meg mange nye bekjentskap, eit avbrekk frå småbarnslivet, og det avslappa og behagelege med å vere med likesinna. Det er mykje lettare å kome inn i lokalmiljøet med eit slikt nettverk. Alle veit jo at det er skummelt å vere ny ein plass, men med U40 er det litt lettare, seier ho.

Eit døme på ei U40-samling: Første seriekamp med Sogndal Fotball.

Etterpå fekk dei debrief av kampen frå sjølvaste Tore André Flo.
For Håkon Mogstad har U40 blitt viktig av litt andre grunnar. Han kjem frå Gaupne i Luster, men hadde vore borte frå regionen i ti år før han flytta heim att i fjor sommar.
– Når du har vore vekke så lenge, er ikkje nødvendigvis det gamle nettverket ditt dei same som er her no. Så ein startar eigentleg litt på scratch igjen, sjølv om ein er lokal, seier han.
Han fekk nyss i U40, eit tilbod som ikkje fanst då han flytta ut, og såg det som ein god måte til å bli kjent med folk på.
– Det vanlege er jo at ein får nettverk gjennom jobben og hobbyar, men her møter du folk på tvers. Det gjer at du blir kjent med folk du elles ikkje hadde blitt kjent med.
"Du blir kjent med folk du elles ikkje hadde blitt kjent med."

Håkon jobbar som formidlar og prosjektleiar på ViteMeir på Kaupanger, og fortel at han vart opphaveleg med i U40 fordi nettverket oppretta eit eige leiarforum.
– Dei lagde det litt eksklusivt med ti plassar som du måtte søke på. Det syntest eg høyrest spennande ut, så eg søkte og fekk ein av plassane. Det var tre rundar med bedriftsbesøk i Sogn, i tillegg var HVL og forskingsmiljøet tett kopla på. Ikkje minst fekk vi mykje ut av å dele erfaringar med kvarandre. Det var utruleg givande.
Då opplegget var over, melde han seg rett og slett som styremedlem i U40 – utan å ha vore på eit einaste vanleg U40-arrangement.
– Leiarforumet var så bra at eg tenkte «dette må jo berre bli endå betre». No gler eg meg til å vere med på alt som skjer framover, og bli kjent med endå fleire av medlemane, seier han.

Frå Sogn U40 sitt leiarforum. Håkon på fremste rad til venstre i bildet.
Styreleiar Adrian Vigdal fortel at målet med U40 er å skape ein møteplass for unge i arbeid i Sogn, på tvers av bakgrunn og erfaring.
– Vi ønskjer å knyte medlemane tett på næringslivet i regionen, samstundes som vi legg til rette for gode møteplassar der folk kan bli kjent.
Han forklarer at nettverket har justert litt retning dei siste åra.
– Tidlegare snakka vi om «unge og ambisiøse», men det er ikkje alle som kjenner seg heilt igjen i det. No siktar vi oss meir inn på alle unge som er i arbeid, og ønskjer veldig gjerne fleire med yrkesfagleg bakgrunn og nyutdanna inn i nettverket. Du treng ikkje ha ei lang utdanning eller ein spesiell tittel for å vere med her, seier han.
Gjennom året arrangerer U40 ei rekkje aktivitetar, slik som bedriftsbesøk, faglege famlingar, livepodkast, «pub med røvarhistorier», sommarfest og julebord.
– Det skal vere sosialt, men vi ønskjer alltid å ha ein fagleg dimensjon. Samtidig er det viktig at det er låg terskel for å delta. Vi vurderer å ha eit gratis og ope arrangement i år, som blir det første i Sogn U40 si historie, smiler han.

"Pub med røvarhistorier" med lokale bedriftsleiarar i Sogn var populært.

God mat og drikke høyrer til på nettverkssamling.