Anna Helena Sundt

Nyheiter

– Har du «drive», blir du lagt merke til

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Kristine Slettehaug / privat

Bærumsjenta Anna Helena brukar Sunnfjord til å utvide horisontane. Det gjer ho på fleire måtar.

Oslo. Bergen. Kanskje utlandet. Det var planen.

Då Anna Helena Sundt var ferdig med lektorutdanninga, stod ikkje ein liten by på Vestlandet på kartet. Men så dukka det opp ei traineestilling i HR hos Westcon i Florø, ein totalleverandør til offshore, energi og maritim industri.

– Eg hadde eigentleg ikkje peiling på kva eg gjekk til, humrar ho. Men kombinasjonen trainee, HR, ei privat bedrift i vekst – og Vestlandet – den var for spennande til å la vere å søke.

Og valet hennar har endra meir enn postadressa.

Anna Westcon

For å bli ordentleg kjend med dei tilsette, har Anna jobbskugga i alle avdelingar i Westcon.

Anna Florø

Den eine dagen ser du Anna i dressbukse, den neste i fullt verneutstyr.

Frå Sandvika til verftet

Anna Helena er fødd og oppvaksen i Sandvika i Bærum. I miljøet ho vaks opp i, var høgare utdanning nærmast ein sjølvsagd veg vidare. I Florø har ho utvida horisontane.

– Mange av vennene mine tok studiespesialiserande og gjekk vidare til jus, medisin eller økonomi. Det var først då eg byrja å jobbe i Westcon at eg for alvor vart kjent med folk som har yrkesfagleg bakgrunn.

Og det gjorde noko med henne. Det var interessa for menneskelege relasjonar som førte Anna inn i HR-faget, samt at ho er nysgjerrig på menneske og kulturar.

– Eg har fått ein heilt ny respekt for lærlingane våre. Det handlar ikkje om utdanningsnivå, men om haldning, engasjement og «drive». Mange av dei er mykje meir modne enn det eg var på same alder.

I dag jobbar ho tett på både lærlingar, fagarbeidarar og leiarar, ikledd verneutstyr eine dagen og dressbukse den neste.

Litt skummelt. Veldig riktig.

Å flytte til Florø var ikkje eit komfortval.

– Eg såg for meg Bergen, Oslo – eller noko heilt anna. Florø visste eg lite om, men eg gjorde litt research og fekk eit godt inntrykk av bedrifta. Og eg var villig til å prøve.

Det angrar ho ikkje på.

– Det har vore langt over forventning. Eg elskar jobben, trivst skikkeleg godt og har fått ein fin gjeng rundt meg, både på jobb og privat.

Florø byr på meir enn ho hadde trudd.

– Naturen er heilt fantastisk. Eg elskar å bade, gå på fjellet og ta sauna. Samtidig er det eit lite og trygt samfunn. Du møter folk overalt – på trening, på butikken, på tur.

Og ja, du blir lagt merke til.

– Det var uvant i starten. Men det gjer òg at folk passar litt ekstra på deg. Eg kjenner meg veldig velkommen her.

"Det er så lett å få til gøye aktivitetar her"

Skidag

Karrieremoglegheiter du ikkje ser på kartet

Eit av dei største overraskingsmomenta?

– Kor mykje spennande næringsliv som faktisk finst her. Arbeidsmarknaden er breiare enn eg trudde.

I ein mindre by er det kortare veg mellom folk, men også mellom idear og handling.

– Her er det ikkje så tydelege hierarki. Plutseleg møter du verftsdirektøren på treningssenteret og slår av ein prat. Har du initiativ og får ting gjort, blir du synleg. Det skapar moglegheiter.

Det gjeld både i jobb og fritid. Ifølge Anna blir du nesten tvungen til å utvide horisontane dine som ny på ein mindre stad.

– Eg er med i FloraU40, og det er så lett å få til gøye aktivitetar her! Eg har blant anna vore med på å arrangere swingkurs, bading på Havhesten, skidag, 90-talsfest, tur i badstue og julefest.

Trainee i Vestland

Traineelivet: Som trainee blir du del av eit større fellesskap. Her frå samling på Jølster.

Frluftsliv i Florø

Anna elskar friluftslivet i Florø og nyttar seg av både fjord, fjell og hav.

Ein heilt annan start på arbeidslivet

Som trainee i Westcon har Anna Helena fått ein bratt, trygg og lærerik start på karrieren.

– Eg har mentor, årsplan, vekentlege møter og har fått jobbe meg gjennom store delar av organisasjonen, frå HMS og subsea til økonomi og drift.

Ho har jobbskugga, hatt lunsj med ulike avdelingar og fått innsikt i heile verdikjeda.

– Det gjer meg tryggare i HR-rolla. Når eg til dømes skal skrive ein stillingsannonse, veit eg kva vi faktisk treng, både fagleg og menneskeleg.

Og viktigast av alt:

– Her tek vi oss tid til folk. Sjølv i ei stor bedrift med store kontraktar. Påskegåver. Ein lærling i påskeharekostyme. Små ting, men det betyr mykje for arbeidsmiljøet.

– Det er så mange kule jobbar utanom dei største byane

Anna Helena er langt frå ferdig utlært. Ho gjer feil, prøver, lærer – og får lov til det.

– Ein god arbeidsgivar er ein som torer å la deg finne ut av ting sjølv. Då er du i utvikling.

Om framtida seier ho:

– Eg ser for meg ein lang karriere i HR. Kanskje ein dag som HR-leiar. Men først og fremst vil eg gjere noko eg trivst med og leggje inn ein god innsats. Då opnar moglegheitene seg, her og andre stader, seier ho og legg til:

– Eg faktisk nettopp takka ja til eit år til i Westcon.

Om ho skal gi eitt råd til andre som sit i storbyen og vurderer neste steg?

– Tør å gjere noko litt ukjent. Det kan vere skummelt, ja, men mest truleg gir det deg mykje meir enn du trur. Det er så mange spanande jobbar, karrierevegar og miljø utanfor dei største byane.

Ho smiler.

– Og har du drive? Då blir du garantert lagt merke til.

Vestland

Mitt vesle vestlandseventyr: Anna tar eitt år til i Sunnfjord.

Fleire saker