Toppkarakter til førskulelærarutdanninga i Sogndal

Skriven 25.06.2012 under Nyheiter

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har evaluert alle dei 20 førskulelærarutdanningane i Noreg. I sluttrapporten får Høgskulen i Sogn og Fjordane toppkarakter for si førskulelærarutdanning.

NOKUT-evalueringa av førskulelærarutdanninga i Noreg har gått over nærare to år og baserer seg på eit svært grundig materiale. Kvar institusjon har gjennomført sjølvevaluering, det er gjort spørjeundersøking blant alle studentar i utdanninga og kandidatundersøking av ferdig utdanna førskulelærarar.

Det er også gjort eigne undersøkingar blant styrarar og øvingslærarar i praksisbarnehagar og blant avgangsstudentar i utdanninga. Evalueringskomiteen har også gjennomført studiar av fagplanane til kvar einskild utdanningsinstitusjon, og det er henta inn kvantitative data om studentane sine prestasjonar, gjennomstrøyming i utdanninga med meir. Evalueringskomiteen har til sist gjennomført institusjonsbesøk og møtt studentar, lærarar og leiing ved kvar utdanning.

Evalueringa viser også store skilnader i utdanningskvaliteten mellom dei ulike institusjonane.For Høgskulen i Sogn og Fjordane sin del er sluttrapporten frå NOKUT-evalueringa gledeleg lesing. Førskulelærarutdanninga i Sogndal får svært rosande omtale jamført med alle andre utdanningar i landet.

Det heiter mellom anna i oppsummeringa:”Førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane står fram som ei stabil og god utdanning, som etter komiteens meining langt på veg har nådd sitt mål om å vere kompetent, aktiv og nær.”

Dette er formuleringar som står i sterk kontrast til vurderinga av dei fleste andre institusjonane (universitet og høgskular) sine førskulelærarutdanningar.

  • Les meir på høgskulen sine nettsider.

(Foto: Sarah Gilbert, Flickr CC 2.0)

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.