Ny energi?

Skriven 08.10.2019 under Nyheiter, Trainee, Ukategorisert

Fleire bedrifter ser på ein trainee som eit frisk pust i arbeidsmiljøet.

– Traineane er ofte kreative og opne, og er fleksible i utfordringane vi står i, seier HR-ansvarleg i Sunnfjord Energi, Marit Moene.

Selskapet har vore med i traineeprogrammet til Framtidsfylket fleire gongar, og Moene seier dei har svært god erfaring med ordninga.
– Vi får mange flinke og kompetente unge menneske inn i vår organisasjon. Det aukar kapasiteten og kompetansen vår, og bidreg til eit frisk pust i arbeidsmiljøet.

Vidare seier ho at ordninga fungerer spesielt bra fordi både arbeidsgjevar og trainee har ein anna forventning til stillingsforholdet enn det som er vanleg.
– Ein trainee er i ein læreposisjon. Dei er ikkje låst til ei bestemt oppgåve slik ein gjerne er når ein er tilsett i ei bestemt stilling. Det gir både oss og traineen større fleksibilitet, og er positivt for begge partar.

Søkte éin – fann to

Tross gode tilbakemeldingar, er det ikkje kvart år bedrifta har valt å tilsette ein trainee.
– Det er ikkje kvart år vi har tilsett folk. Det handlar ikkje nødvendigvis om kvaliteten til søkarane, men at det ikkje har vore match mellom det vi ønsker og det søkaren ønsker.

Dette kan også gå begge vegar.
– I år skulle vi berre ha èin trainee, men vi fann to vi hadde god match med. Då tilsette vi begge to. Dei var ganske komplementære i sin kompetanse, noko som styrka begge kandidatane.

Stillingar dukkar opp undervegs

HR-leiaren seier at traineestillingane er midlertidige, men ofte klarer dei likevel å sikre at traineen blir i bedrifta etter at året er omme.
– Ofte dukkar det opp ledige stillingar i organisasjonen i løpet av traineeåret, og då søkjer gjerne traineane på dei. Dermed får vi behalde traineen, noko som er vinn-vinn for oss.

Blir kjent med fylket

Hub for Ocean er med i ordninga for andre gong, og dagleg leiar, Stein Kvalsund, seier dei har udelte positive erfaringar med programmet.
– Det er ei utruleg flott ordning for vårt vedkommande. Ikkje minst er det positivt at traineane våre får knytte kontakt med andre trainear i fylket gjennom samlingane. Dermed blir også vi kjent med spennande næringsaktørar i regionen vår.

Ny input i bedrifta

Han seier det attraktivt for ei bedrift å tilsette ein person som kjem rett frå skulebenken, med oppdatert fagleg forankring.
– Det er flinke folk med ei voldsomt stå-på-vilje. Det er sjølvsagt nyttig for oss som bedrift, seier han.

Vidare skildrar han eit traineeår som ein utruleg læringsarena for dei som deltek i programmet.
– Det er attraktivt å vere trainee. Det gjev moglegheit til å utvikle seg, både som person, og i den faglege retninga som traineen har valt. Det er også gull for traineen sitt vedkommande å ha ein praksis å vise til, avsluttar han.

Mark Purkis er tilsett som trainee innan fornybar energi hos Hub for Ocean i Florø.

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.