Tid for å søke sommarjobb!

Skriven 08.03.2019 under Nyheiter

Sjølv om snøen har gjort sin tilbakekomst, er det på tide å begynne jakta på sommarjobb. Her får du tipsa!

Bedriftene er godt i gang med å planlegge sommar og ferie, og mange av dei har allereie lyst ut sommarjobbar. Når du søker ledig stilling på framtidsfylket.no, kan du huke av for «sommarjobb». Her kan du følgje med på kva som ligg ute av sommarjobbar.

Har ikkje favorittbedrifta lyst ut sommarjobb? Ring dei! Eller send dei ein mail, presenter deg og din kompetanse og fortel at du har veldig lyst på ein sommarjobb hos dei. Kanskje klarar du å overbevise om at det kan vere nyttig å tilsetje deg i sommar?

Har du hugsa å opprette brukar og registrere CV på framtidsfylket.no? Næringslivet i Sogn og Fjordane brukar portalen aktivt for å finne aktuelle kandidatar. Dei vil også få varsel dersom din CV er aktuell for deira bedrift. For å sikre deg at du ikkje går glipp av spennande jobbar, kan du huke av for varsel når det kjem ei ledig stilling innan ditt fagfelt.

Mange tenker at det er viktig med ein relevant sommarjobb for studiet, men om du ikkje får napp hos førsteønsket, er det likevel viktig å vise at du står på og har jobba i sommarferiane. All jobberfaring er relevant når du seinare skal ut i arbeidslivet!

Lukke til med søkinga! Vi håpar å sjå deg i Sogn og Fjordane i sommar!

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.