Tatt på senga av Sogn og Fjordane

Skriven 14.02.2019 under Nyheiter

Sambuarparet Tore Almenning (24) og Jannicke Bekkelund (23) diskuterer heftig om kor dei skal bu. Karrieremessa gav nye argument for Florø.

Dei bur for tida i Bergen, er nybakte foreldre til ei jente på fem veker og er begge ferdig utdanna om halvtanna år. Men kor skal dei busetje seg?

– Oslo, seier Bekkelund bestemt og smiler lurt til sambuaren. Ho er opphaveleg frå Ski og har alltid tenkt at ho skal tilbake til Austlandet etter utdanning på Vestlandet. Han derimot, er ikkje heilt einig.

– Eg er veldig open for Florø, seier Almenning, som har budd der sidan han var seks år og fram til han flytta til Bergen for å studere.

– Men det er vel typisk at dama får siste ordet, humrar florøværingen.

Drøymejobben er i Florø

Almenning er snart ferdig utdanna jurist og håpar på ein karriere i politiet.

– Når eg snakkar med politiet i byane om jobb, anbefaler dei meg å søke i distrikta. Der er det lettare å komme til som nyutdanna. Eg har veldig lyst til å jobbe som politijurist ved Flora politistasjon. Eventuelt ved basen om dei treng juristar, for der har eg jobba før og trivst godt.

No som han er blitt far, tenker han meir på å bu nær familien og at livet med barn er enklare på mindre stadar.

– Eg hadde ein fin oppvekst i Florø og vil gjerne gje barnet mitt det same. Om vi skal bu i Oslo, trur eg vi kjem til å bruke mykje av tida vår på å komme oss til og frå og å stå i kø.

– Vi treng jo ikkje bu midt i sentrum, parerer Bekkelund.

 Skeptisk til Sogn og Fjordane

Bekkelund er skeptisk til å bu i Florø. Mest fordi ho ikkje trur det finst jobb til ho der, men også fordi ho trur det blir for lite.

– Eg har alltid tenkt at Florø er mest fisk og olje og ikkje ein stad økonomiutdanna kan få ein spennande jobb. Sjølv har eg snart ein bachelor i retail management, i tillegg til ein bachelor i sosiologi, og er usikker på om det finst jobbar for meg der. Eg er også usikker på om eg kan trivast i ein så liten by. Eg likar tilboda i storbyen.

Mildt sagt overraska

Samtidig innrømmer ho at ho vart tatt på senga av kva som faktisk rører seg i Sogn og Fjordane.

– Tore sendte meg lista over kven som skulle stå på stand på karrieremessa i Bergen, og eg vart mildt sagt overraska over kva bedrifter som finst i Sogn og Fjordane. Ikkje minst over av at store konsern har kontor der.

Betyr det at ho likevel kan vurdere å busetje seg i kystbyen?

– Eg er jo her på karrieremessa, ler ho, men vil ikkje love sambuaren noko.

– Eg mistenker han for å lage eit glansbilde av Florø når han skal overtale meg. Men skulle han få tilbod om drøymejobben der, må eg kanskje gje byen ein sjanse, avsluttar ho.

 

 

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.