Synnøve Ravnestad Eikefet

Skriven 07.10.2019 under Trainee

Kven er du?
Eg heiter Synnøve Ravnestad Eikefet, er 28 år og kjem frå Dale i Hordaland. Utdanninga mi er ein mastergrad i Samanliknande Politikk frå universitetet i Bergen. I tillegg har eg studert medisin i eitt år, og psykologi i eitt år. På fritida er eg glad i å vere fysisk aktiv med blant anna fjellturar og joggeturar. Eg er og glad i å reise og lære språk.

Kvar er du trainee?
Eg er trainee i Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) og bur i Førde.

Kvifor søkte du traineestillinga?
Eg søkte på jobben i Norec fordi eg har hatt ei interesse for norsk utviklingspolitikk i lang tid. Når det opna seg ein moglegheit til å jobbe med utveksling og utvikling midt mellom djupe fjordar og bratte fjell var dette midt i blinken for meg. Kvifor eg blei vald til å jobbe i Norec er eg usikker på, men eg trur den internasjonale erfaringa mi, språkkunnskapar og anna frivillig erfaring har blitt vektlagt positivt.

Kan du gje oss ein fun fact om deg sjølv?
Eg har budd i 5 forskjellige land på 2 forskjellige kontinent.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.