Sunnfjord Utvikling ønsker høg søkarbunke: – Personlege eigenskapar er viktigare enn utdanning

Skriven 03.09.2020 under Nyheiter

Er du ein relasjonsbyggar som blir gira av å møte nye menneske? Er du god på kommunikasjon og rå på å bygge nettverk? Då kan du vere Sunnfjords nye rekrutterer.

– For den rette personen er dette ein veldig spennande og givande jobb. Vi ser først og fremst etter ein kandidat som kan brenne for prosjektet, seier Bente Hauge i Sunnfjord Utvikling, som lyser ut stillinga Prosjektleiar for Rekrutteringsforum Sunnfjord.

Prosjektet går ut på å skaffe kompetent og nødvendig arbeidskraft til Sunnfjord. Ei utfordring mange bransjar og etatar slit med i distrikta.

– Dette gjeld ikkje berre i Sunnfjord, men i distrikta generelt. Fleire yrkesgrupper får ikkje tak i kompetansen dei ønsker, og det kan hindre dei i å utvikle seg. Kampen om arbeidstakarane er tøff, og difor skal vi tilsette ein person som jobbar 100% med å kartlegge behovet for kompetanse og komme i kontakt med aktuelle kandidatar.

Vil ha høg søkarbunke

Sunnfjord Utvikling ønsker ein høg søkarbunke. Den som får jobben skal vere eit treffpunkt mellom arbeidsgjevar og jobbkandidat, og personlege eigenskapar er viktigare enn utdanning.

– Kva utdanning du har er ikkje så viktig. Vi ønsker å nå ein brei søkarmasse i håp om å finne gode kandidatar. Det er ein fordel at du har erfaring frå HR eller kommunikasjon, men ikkje eit krav. At du er handlekraftig og har ein indre driv etter å levere resultat er viktigare.

Arbeidsstad Peak Sunnfjord

Tilbake kan dei tilby konkurransedyktig løn, eit triveleg arbeidsmiljø og nye, moderne kontorlokale på Peak Sunnfjord i Førde.

–  Du kjem rett inn i eit innovativt og spennande miljø. Om du ikkje kjenner næringslivet i Sunnfjord frå før, sit kollegaene dine på den kunnskapen og kan hjelpe deg. Vi har også eit breitt nettverk som vi vil innvie deg i.

Moderne kontorfellesskap: Den som får jobben skal ha arbeidsstad på nye Peak Sunnfjord i Førde.

Ønsker søkarar frå heile landet

Det er derfor fullt mogleg at ein tilflyttar får stillinga.

– Er du samfunnsengasjert og klarar å knytte kontakt mellom arbeidsgjevar og jobbkandidatar, kan du vere personen vi ser etter, uavhengig av bakgrunn. Lokal kunnskap er viktig og ein fordel, men også noko du kan opparbeide deg.

På jakt for næringslivet

 – Er det ein hovudjeger de ser etter?

– Det er på ein måte det. Vi ønsker at den som får stillinga skal jobbe tett på potensielle kandidatar og oppsøke skular og andre arenaer med mål om å rekruttere. Du skal med andre ord på jakt for næringsliv og offentleg sektor i Sunnfjord.

Sunnfjord Utvikling opplever god interesse for stillinga, og har allereie fleire gode kandidatar.

–  Vi ønsker mange søkarar og har planar om å kalle inn ein god del til intervju. Først etter ein prat med søkaren veit vi om det er ein aktuell kandidat som sit framfor oss.

Her finn du meir informasjon om stillinga. Søknadsfrist er 10. september.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.