Suksess med trainee

Skriven 27.11.2018 under Nyheiter

Fjord 1 er traineebedrift i Framtidsfylket for fjerde år på rad.
– Traineane er først og fremst ein ressurs, seier HR-ansvarleg.

– Unge, nyutdanna tek ofte med seg noko nytt inn i verksemda. Det kan vere ny kompetanse, nye måtar å sjå ting på eller at dei utfordrar oss på måten vi tenker eller jobbar på. Dei er her for å lære, men jammen lærer vi mykje av dei også, seier Cicilie Færestrand, HR-leiar i Fjord1.

Ho var pådrivar for at Fjord1 skulle bli del av Framtidsfylket sitt traineeprogram, og i 2015 bestemte dei seg for å prøve ordninga og lyse ut ei stilling.

– Største utfordringa var å velje kva område vi skulle bruke traineen på, for vi har så mykje forskjellig å tilby. Difor har vi gått breitt ut i utlysinga.

Gode kandidatar i søkarbunken

Talet på søkjarar har variert, men kvaliteten har vore god kvart år.

– Vi har alltid fått gode kandidatar å velje mellom, og vi er svært fornøgd med dei vi har valt ut. Fram til no har alle traineane fått tilbod om fast jobb, og samtlege har takka ja.

Ho er opptatt av at Fjord1 skal gje ein god start på arbeidslivet til traineane.

– For mange er dette deira første møte med ein fulltidsjobb, og då har vi eit ansvar for at det skal bli eit godt år. Samtidig er vi opptatt av å utfordre traineane, og at dei skal bli stilt krav til. Mykje handlar om å få klarheit i kva forventningar dei har til oss og kva forventningar vi har til dei.

Ho omtalar traineeordninga som ein suksess.

– For oss har det vore ein suksess frå dag ein. Programmet har fungert bra for både traineane og Fjord1. For oss handlar det om samfunnsansvar på den eine sida og at vi har utbytte av ordninga på den andre sida, avsluttar ho.

Møt Fjord1-traineane

  1. Kvifor søkte du traineestillinga?
  2. Kva har traineeprogrammet gjeve deg?
  3. Kvifor takka du ja til fast jobb i Fjord1?

Eirin Anthun Kleiven (32) trainee i 2015/2016

Frå: Bergen

Utdanning: Bachelor i kommunikasjonsteknologi, bachelor i økonomi og administrasjon, master i leiing og økonomisk styring.

Arbeidsområde trainee: Økonomi og administrasjon

Arbeidsstilling i dag: Systemcontroller

  1. Eg møtte Fjord1 på karrieremessa til Framtidsfylket. Dei lyste ut ei fleksibel traineestilling som kunne utfordre fleire av fagfelta mine. Eg såg det som ein sjanse til å finne ut kva eg ville jobbe med.
  2. Å bli trainee rett frå skulebenken gir deg ei breidde det er vanskeleg å få på andre måtar. Enkelte oppgåver var utfordrande som heilt fersk, men eg fekk støtte frå leiarar rundt meg til å prøve, feile og prøve igjen. Og det har eg igjen for i dag. Erfaringsutvekslinga på samlingane gav meg nokon å støtte meg på og gode samtalar om arbeidsliv og arbeidsmarknad. Du får starta nettverksbygginga tidleg.
  3. Eg var ikkje i tvil om at eg ville ha jobben. Vi har ein spennande arbeidskvardag med rom for å utvikle seg, ta ansvar og påverke. Her får eg kombinere mine to utdanningar, og det passar meg bra.

Framtidsfylket trainee

Odd Helge Hatlen (29) trainee 2016/2017

Frå: Hyllestad

Utdanning: Marin teknikk, sivilingeniør

Arbeidsområde trainee: Teknisk avdeling

Arbeidsstilling i dag: Teknisk avdeling

  1. Det var ein spennande sjanse fagleg. Eg kjente til Framtidsfylket gjennom karrieremessene, men det var jobben som fenga mest. Traineeprogrammet vart ein bonus.
  2. Eg vart kjent med store delar av fylket, fekk innsyn i næringslivet og møtte dei andre traineane. Samlingane vart ei avkopling frå arbeidskvardagen, og vi delte erfaringar og diskuterte forskjellige sider ved arbeidslivet. Om du flyttar til ein ny plass, er programmet ein grei måte å bli kjent med andre i tilsvarande situasjon.
  3. Fordi eg følte eg vart tatt godt i mot. Eg vart utfordra fagleg, fekk mykje tillit og set stor pris på breidda i arbeidsoppgåvene eg får.

Trainee Framtidsfylket

Sondre Austreim (27) trainee i 2017/2018

Frå: Kyrkjebø

Utdanning: Bachelor i fornybar energi og bachelor i elkraft-teknikk

Arbeidsområde trainee: Elkraft.

Arbeidsstilling i dag: Prosjektingeniør teknisk avdeling

  1. Det var ein kombinasjon av at eg kjente til traineeprogrammet frå før og at Fjord1 hadde ei spennande stilling. Fjord1 er det fremste ferjeselskapet på å ta i bruk miljøteknologi og driv nybrottsarbeid på området, og no fikk eg sjansen til å ta del i det og bidra til det grøne skiftet.
  2. Innsikt i alt det interessante som rører seg i næringslivet i Sogn og Fjordane, sjølvutvikling og eit større nettverk. Fleire av bedriftene vi besøkte har tilknyting til Fjord1, og dei var det spesielt interessant å lære meir om. Fekk også innblikk i karrieremoglegheiter i fylket.
  3. Her får du sjansen til større ansvar om du ønsker det. Eg får ta del i ei utruleg spennande utvikling i eit innovativt selskap, bruke fagfelta mine og utvikle meg sjølv. Kollegaene er også trivelege. Det var ei enkel avgjersle.

 

Trainee Framtidsfylket

Kristine Larsen Mjelde (24) trainee 2018/2019

Frå: Florø.

Utdanning: Bachelor i økonomi og administrasjon, master i innovasjon og ledelse.

Arbeidsområde trainee: Forretningsstøtte.

  1. Eg kjente til ordninga og visste at her kunne eg få prøvd kompetansen min på fleire fagfelt.
  2. Eg set pris på erfaringsutvekslinga på samlingane og å høyre korleis andre opplever å vere trainee. Og så er det kult å besøke alle moglege rare plassar i fylket som eg tidlegare berre har høyrt om og sjå kva jobbmoglegheiter som finst her.
  3. Eg er endå veldig fersk i programmet, men eg trivst i Fjord1 og likar arbeidsoppgåvene veldig godt.

 

Den 1. desember lanserer vi traineestillingane for 2019/2020. Følg med her.

Lyst til å bli traineebedrift? Informasjon finn du her.

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.