Stig Løtuft

Skriven 08.10.2019 under Trainee

Kven er du?
For dei som lurer på kven eg er, så heiter eg Stig Løtuft, er 23 år og kjem frå Naustdal i Sogn og Fjordane. Eg voks opp på gard, og har ein lillebror som er fire år yngre enn meg. Eg har vore ein datanerd sidan eg bygde mi første datamaskin som 13-åring. Som følge av dette tok eg ein bachelor i elkraft, og bygde på med eit år innanfor data. Fritida blir ofte brukt på datamaskina, men om eg ikkje skulle vere framfor skjermen, vil du nok finne meg ute på garden eller ute med venner.

I kva bedrift er du tilsett som trainee?
Eg er trainee hos Sunnfjord Energi AS, og jobbar innan analyse og utvikling. For tida bur eg heime hjå mor og far i Naustdal, på garden eg har odel på.

Kvifor søkte du traineestillinga?
Eg ville bli trainee i Sunnfjord Energi AS først og fremst fordi stillinga var perfekt i forhold til interesser og bakgrunn. Eg var kjent med bedrifta frå tidlegare arbeidsperiodar i skuletida, og visste at det var eit veldig godt arbeidsmiljø og gode ordningar for dei tilsette. I tillegg ville eg gjerne arbeide på ein plass lokalt rundt Naustdal, slik at eg kunne bu i området eg voks opp. Desse tre grunnane putta Sunnfjord Energi på toppen av lista.

Kan du dele ein fun fact om deg sjølv?
Min første flytur var i 2018, som 21-åring.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.