Spennande reiselivsstilling: – Her skal du få bryne deg!

Skriven 21.08.2020 under Nyheiter

Tar du utfordringa om å skape gode reiselivsopplevingar for tilreisande, med omsyn til klima, natur og lokalsamfunna våre? Då skal du sjå her.

Foto: Vestland fylkekommune/Siw Heidi Bäckström. Avdeling for innovasjon og næringsutvikling

Vestland fylkeskommune har nyleg lansert ei ny stilling: Rådgjevar – reiseliv  i avdeling for innovasjon og næringsutvikling. Den viktigaste arbeidsoppgåva blir å utvikle eit berekraftig reiseliv for framtida.

– Vi ser etter nokon som glødar for å utvikle reiselivet i Vestland. Ein person som blir trigga av å vere med på å forme noko som er bra for klimaet og framtida.

Det seier Endre Høgalmen, Seksjonssjef for naturressursar, landbruk og reiseliv.

Må brenne for arbeidsoppgåvene

Han er på jakt etter ein person med høgare utdanning innan reiseliv, økonomi eller samfunnsfag, med god framstillingsevne og engasjement for fagområdet. Erfaring er eit pluss.

– Det er ein fordel med erfaring frå reiselivsretta arbeid og kjennskap til offentleg forvaltning.

– Betyr det at nyutdanna ikkje kan søke?

 – Jo, dei kan søke. Erfaring er ikkje eit absolutt krav. Vi er først og fremst på jakt etter ein person som brenn for oppgåvene.

Koronaknekk for reiselivet

Reiselivsnæringa har vore gjennom tøffe tider. Det vil prege arbeidsoppgåvene til den nytilsette.

– Det er fint om jobbkandidaten har tankar korleis vi kan stimulere til ei god utvikling av reiselivet. Den som får stillinga vil samarbeide med reiselivsnæringa og andre aktørar om korleis vi vil ha det i framtida. Berekraft og klima går igjen som ein raud tråd i alt vi styrar med, så det blir sentralt.

Noko å bryne seg på

Stillinga har arbeidsstad Leikanger. Høgalmen lokkar med eit inspirerande fagmiljø på fylkeshuset, og gode kollegaer både her og i Bergen.

– Den som får stillinga vil bli tatt godt vare på. Eg kan garantere at du får utfordringar og høve til å utvikle deg både fagleg og personleg. Å få vere med på å skape noko er ein stor drivar, og her skal du få bryne deg i samarbeid med gode kollegaer.

Søknadsfrist er måndag 7. september. Les meir om stillinga her. 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.