Esf1629 768x512

Spennande jobbar i oktober

Skriven 04.10.2018 under Nyheiter

For mange betyr hausten ein ny start, og kanskje er du klar for eit jobbskifte? Oktober byr på fleire spennande ledige jobbar i Sogn og Fjordane!

I Sparebanken Sogn og Fjordane finn du det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Akkurat no har dei fleire ledige stillingar: kunderådgjevar bedriftsmarknad i Sunnfjord, kunderådgjevar bedriftsmarknad i Indre Sogn,  kunderådgjevar privatmarknad i Måløy og Kredittcontroller/risikoanalytikar i Førde. I tillegg til utfordrande arbeidsoppgaver byr dei på eit triveleg arbeidsmiljø, rom for utvikling og kjekke kollegaer.

Om vi tar turen til Sognefjorden, finn vi to ledige stillingar hos Osland Havbruk i Bjordal. Dei ser etter driftstekninkar matfisk og driftsteknikar settefisk. Du får jobbe på eit moderne anlegg i ein framtidsretta bransje, saman med ein flott gjeng tilsette. Verdt å sjekke ut om du ønsker ein sikker jobb i ein spennande bransje!

Norway AdvenTURs  satsar stort og ønsker å bli og bli ein av Norges leiande turoperatørene innan opplevgingsturisme. Dei tilbyr guida friluftsaktivitetar og er no på jakt etter to nye tilsette: Back-office medarbeider  og ein som vil jobbe med Sal og turdesign.

I nye Kinn kommune ser dei mot framtida og moglegheitene som ligg der med glød i auga. Det krev nytenking, og dei er no på søk etter fire nye medarbeidarar: Assisterande rådmann, kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø, kommunalsjef for innovasjon og utvikling og ein prosjektleiar.

I tillegg finn du ledige jobbar innan teknologi, helse, havbruk og drift i Framtidsfylket. Her er kan du sjå fleire ledige stillingar i Sogn og Fjordane.