Image2 1 e1529578284203 768x541

Sommarpraten: Imponert, stolt og motivert!

Skriven 21.06.2018 under Nyheiter, Ukategorisert

Desse tre orda speglar mitt inntrykk etter fire månadar i sjefsstolen i Framtidsfylket.

Imponert og stolt over farten og trøkket i dei bedriftene eg har møtt i ulike fora. Dei sit på spennande innovasjonar, kunnskap og produksjonar der dei ligg på kvart nes, i kvar dal og i kvar fjord av Sogn og Fjordane.

Innovasjon og nyskaping
Frå Hydro i Årdal til Osland Havbruk på Høyanger sørside. Rekrutteringssatsinga til Måløy Academiet er veldig bra og no etablerer Måløy-miljøet, med Ecobait i spissen, eit forskingssenter for havbruk i Måløy. Innovasjonsmiljøet i Sogndal kjenner mange til, men no veks det også fram nye satsingar som Peak Sunnfjord i Førde og havbruksbaserte Aquahub i Hyllestad.

Spennande forretningsideear som Webmegling, og digitale løysingar innan vestlandslandbruket. Finansmiljø og andre spennande verksemder som etablerer seg i kjølvatnet av teknologibedrifta Enoro i Dale. Teknologibedrifter poppar opp i heile fylket. Vi kan nemne i fleng.

Bratt karrierestige og bratte fjell
Sogn og Fjordane druknar i innovasjon og mulegheiter for deg som er eventyrlysten. For deg som vil prøve noko nytt. For deg som ønskjer ein bratt karrierestige, og for deg som vil ha ei rå fritid med fjell, fjordar, hav, og uendeleg med mulegheiter rett utanfor døra di.

Visste du at rundt 70 prosent av traineesøkarane ikkje har tilknytning til fylket? Av årets kull blir 24 av 27 trainear verande etter fullført traineeår. Det er god statistikk. Og det er ikkje utan grunn.

Kjekt, lærerikt, utviklande, hektisk, inspirerande, berikande og verdifullt
Desse orda brukar årets traineekull då dei omtalar året som har gått. Dei melder om eit år der det har vore lagt godt til rette for fagleg og personleg utvikling. Dei har fått god kunnskap om fylket, om mulegheitene som finst, og dei har bygd tett og godt nettverk med andre unge i heile Sogn og Fjordane.

Vi trur på denne måten å rekruttere kompetent arbeidskraft på, i kombinasjon med å formidle livskvalitetane eit liv i Sogn og Fjordane har. Dei unge gir oss strålande tilbakemeldingar, og vi gler oss allereie til å ta imot neste års kull. Det største nokon sinne.

Framtidsfylket karrieremesse 2019
Når så sommarvarmen forlet oss, så ser vi mot vinter og startar planlegging av Karrieremessene 2019. Datoane er spikra, så merk av i kalendaren allereie no: Trondheim 31. januar og Bergen 13. februar.

Vi har som alltid med oss gode historier, mat, underhaldning og ledige stillingar. Framtidsfylket skal også tilbake til Oslo. Vi planlegg eit heilt nytt konsept saman med gode samarbeidspartnarar. Følg med, så vil dette bli lansert ut over hausten.

Imponert, stolt og motivert
Dette er ein ørliten smakebit av det som rører seg i Framtidsfylket. Som overskrifta seier er eg «imponert, stolt og motivert». Imponert og stolt over alt som skjer i Sogn og Fjordane. Det som er nemnt i denne teksten, og mykje, mykje meir. Og eg er motivert til å fortelje om det gjennom den spennande jobben eg no har tatt fatt på. Motivert til å jobbe for å vise fram det innovative, særeigne og fantastiske vi får til her i Sogn og Fjordane.

Nyt sommaren og gjer noko kjekt. Vi snakkast til hausten!

 

Beste helsing

Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket