Søk ny jobb i påska – her er vekas ledige stillingar

Skriven 11.04.2019 under Nyheiter

Ingen tvil om at trivselsfylket bjuder på. No kokar det på jobbmarknaden.

Foto: Highsoft

Highsoft AS er lokalisert i Vik i Sogn med 26 tilsette som jobbar med programmering, sal og administrasjon. No utvidar dei teamet med ein Technical writer og skriv dette i utlysinga: «You might have a background as a developer, and write as a hobby, or perhaps you’re an experienced communicator who loves digging deep into code? If so – we want to hear from you!» Dei søker også ein Growth Hacker/New Business Manager med a «startup mindset». Sjekk ut!

Foto:Highsoft

Vil du bli Prosjektleiar for nytt opplæringsfartøy? Måløy vidaregåande skule har ledig ei utfordrande og spennande toårig mellombels stilling. Om du har kvalifikasjonar som maskinsjef eller skipper kan det vere aktuelt med fast tilsetting, der du får ansvar for drift og vedlikehald av fartøyet når dette er på plass.

Norec søker Kommunikasjonsrådgjevar. Dei ser etter deg som kan bidra til å synleggjere Norec som eit relevant verkemiddel for norsk utviklingssamarbeid, og som aktør med særskilt kompetanse på utveksling, nettverk og ungt leiarskap. Du vert ein sentral medarbeidar i teamet for nettverk- og kommunikasjon.

Difi har ansvar for utvikling og forvaltning av nasjonale fellestenester i offentleg sektor og ser no etter ein Jurist med arbeidsområde digitalisering, kontraktsrett og offentlege innkjøp. I tillegg til spennande faglege utfordringar lokkar dei med fleksibel arbeidstid og  kortreiste friluftseventyr i kvardagen.

INC Gruppen er engasjert innan eit bredt spekter av tenester og marknader, med hovedtyngda knytt til oljeforsyningsbasen Fjord Base i Florø. No treng dei tre nye medarbeidarar:

Foto: INC Gruppen

INTIN AS har mål om å bli leiande faghandel i Norge på ny smarthusteknologi og er no i sterk vekst. Dei ser difor etter Key Account Manager – Kunderådgjevar bedriftsmarknad. Sansen for ny teknologi som kan gjere kvardagen enklare? Hugs å søke før 26. april!

Nye Kinn kommune søker Rekneskapssjef. Økonomifunksjonen vil få om lag 20 årsverk, og dei tilsette i staben vil ha kontorstad/arbeidsstad i både Måløy og Florø. Denne stillinga er lagt til Florø, men du må rekne med å arbeide i heile kommunen sitt geografiske nedslagsfelt.

I tillegg har Gloppen , Sogndal , Fjaler , Solund, Aurland, Bremanger og Eid kommune lansert ledige stillingar.

Riktig god påske!

 

 

 

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.