Slik blir du attraktiv på karrieremesse!

Skriven 17.01.2019 under Nyheiter

Sigrid Anette Førde er salsleiar i Randstad Sogn og Fjordane, og har over ti års erfaring med rekruttering. Her er hennar beste tips for å bli ein attraktiv jobbsøkar.

Kva ser du etter når du skal finne den beste jobbkandidaten?

Det viktige førsteinntrykket

Det første som møter oss er augekontakt og handtrykk. Vi set pris på at det er fast, og at du på den måten seier: «Eg er klar og skjerpa. Dette vil eg!»  Vis at du er tilstades med kroppsspråk og haldning, at du har førebudd deg, våg å stille spørsmål og vis interesse for bedrifta.

Fagleg og sosial kompetanse

Dette varierer. Kompetansen skal matche bedrifta, men vel så viktig er det å passe inn sosialt. I nokre stillingar, til dømes innan sal, ser vi etter deg som er utadvendt og kontaktsøkande. Skal ein jobbe analytisk på eit kontor, ser vi etter andre eigenskapar. Ikkje alle kan vere utadvendt og frampå, og heldigvis er ikkje det eit krav i alle jobbar heller.

Våg å vere deg sjølv

Ikkje ver redd for å skilje deg ut. For oss som jobbar med rekruttering, er det til dømes rart at 9 av 10 elskar turar i friluft. Likar du å kople av med krimseriar på Netflix, så er det OK å seie det. Då veit vi at du er ekte.

All erfaring tel

Uansett utdanning eller val av yrkesveg, vis at du står på og er allsidig. Om du har hatt sommar- eller deltidsjobb som er irrelevant for utdanninga di, er det uansett eit god teikn at du har gjort noko og tatt eit ansvar.

By på deg sjølv

Ikkje ver redd for å framsnakke deg sjølv og eigne prestasjonar. Det er difor du er der, og det er det vi vil høyre. Mange er redd for at det skal bikke mot sjølvskryt, men berre tenk gjennom måten du formidlar det på.

Korleis få til eit godt standmøte?

Gi ein smakebit

Hugs at standhaldarane er der for å komme i kontakt med deg, så du har ingenting å tape på å besøke ein stand. Gå gjerne rett bort og presenter deg. Mange om beinet? Ver kort, men gi akkurat nok til at bedrifta/rekrutteringsansvarleg ønsker å høyre meir. Når dei seinare går gjennom CV-ane, vil du bli hugsa som ein som gjorde ein ekstra innsats.

Bedriftseigarar ELSKAR å prate om seg sjølv

Øv inn nokre gode, opne spørsmål som du stiller bedriftene. Då vil du garantert bli lagt positivt merke til! Å vere den som er interessert og lyttar er betre enn noko anna. Bedriftseigarar ELSKAR ofte å prate om seg sjølv! =) Noter deg nokre fine fakta om bedrifta på førehand. Kor digg er det ikkje å kunne vise at ein kan «leksa» si?

Følg opp

Er målet å fortsette dialogen etter messa, så ver konkret. «Takk for praten. Dette var utruleg spennande! Er det greitt for deg at eg ringer deg neste veke?» eller «Eg ønsker å flytte heim og har sett etter stillingsutlysingar hos dykk. Eg skal heim om nokre veker, kan eg få komme innom?». Dei fleste bedrifter likar om ein er litt frampå, og hugs igjen: Det er deg dei er der for.

Om du er supernervøs og sjenert…

Ofte hjelper det å tenke at ein går inn i ei «rolle», og på den måten kjem eit fast handtrykk og blikk lettare. I kombinasjon med ein god og oppdatert CV, kan dette skape eit godt førsteinntrykk. Hugs at bedriftene ser etter ulike personlege eigenskapar. Merk deg namnet på personen du snakkar med, og det blir lettare å ta ein telefon etter messene.

Kva skal ein IKKJE gjere i møte med ein potensielt framtidig arbeidsgjevar?

Ikkje avbryt

Står potensiell arbeidsgjevar og pratar med nokon andre, er det ikkje spesielt lurt å bryte inn. Vent på tur.

Spegl personen

Hugs at det er lurt å bruke dei få sekundane det tek å spegle personen du skal prate med før du smell til med ein morosam vits. Vitsing kan vere bra, men berre om situasjonen og vedkommande tillèt det.

Hygiene og handtrykk

Eg vil igjen påpeike handtrykk, men og å tenke gjennom både klede og hygiene. Kanskje tenker du at du berre skal ein kjapp tur innom messa? Hugs at dette kan vere dagen du møter du din framtidige arbeidsgjevar!

Ikkje bli ståande

Unngå å stå for lenge på same stand! DU skal vere ein interessevekkjar for varemerket DEG, og treng ikkje gi alt på første møtet. Eg skal ha lyst til å høyre meir om deg, og vil ikkje oppleve deg som masete.

Om du skulle velje éin eigenskap?

Hardtarbeidande potet

Den som brettar opp ermene og tar i eit tak! For meg er dette ein eigenskap som vil komme godt med uansett kva jobb, og som faktisk gjer jobben morosamare. Du vil garantert bli lagt positivt merke til! Eg heiar også på dei gode gamle «potetene». Ikkje ver redd for å ta på deg oppgåver som går utanom  stillingsinstruksen. Det er mange eksempel på at brei erfaring kan endre heile karriereløpet. Å bli omtala som poteta i selskapet er ei tillitserklæring og ei ære. Det er ofte dei personane som er vanskelegast å erstatte og som sit med den raude tråden i bedrifta.

Påmelding til årets karrieremesser finn du her

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.