Sindre Fosse

Skriven 08.10.2019 under Trainee

Kven er du?
Eg heiter Sindre Fosse og er 22år (blir 23 i des). Eg kjem ifrå Vik i Sogn. På videregåande gjekk eg idrettsfag på Sogndal VGS. Så tok eg realfagkurs ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen (den gang Høgskulen i Bergen). Etter det tok eg bachelor i byggingeniør på same plassen. Fritidsinteresse eg har er blant anna fotball, ski, dataspel, film og seriar og vere med vennar.

I kva bedrift er du tilsett?
Eg er trainee i rådgivande byggingeniørbedrift Bystøl AS. Akkurat no bur eg heima på Fosse i denne perioden.

Kvifor søkte du traineestillinga?
Eg vart trainee i denne bedrifta fordi eg hadde som mål å jobbe for denne bedrifta i løpet av jobbkarrieren. Eg kjenner fleire som jobbar her i tillegg til familie. Bystøl spesialiserer seg også i småkraftverk, noko som eg finner interesse i.

Kan du dele ein fun fact om deg sjølv?
Eg har konkurrert i dataspel-turneringar.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.