– Samlingane tvingar oss til å bryte isen

Skriven 20.09.2018 under Nyheiter

Traineeåret er godt i gang, og forrige veke var gjengen samla i Viksdalen. Målet med første samling er at dei skal bli betre kjend med kvarandre og næringslivet i Sogn og Fjordane.

Aktivitetar som kanopadling, matlaging og gruppearbeid står på planen når 26 nyutdanna er på fagleg fellessamling med Framtidsfylket. I løpet av veka ønsker ein å skape gjensidig tillit og samspel mellom Framtidsfylket og traineane.

Vi tok ein kjapp prat med Martin Hellebostad Skjønhaug (24) og Mariel Starheim (26) om oppstarten.

– Eg er utdanna siviløkonom og vart svært glad då både eg og kjærasten fekk traineeplass gjennom Framtidsfylket. For oss betydde dei plassane at vi flyttar heim, seier Mariel, som kjem frå Nordfjord og har fått plass hos Bano på Sandane.

Martin er opphavleg frå Lørenskog, men har budd siste åra i Trøndelag. Også han fekk med seg sambuaren sin til Sogn og Fjordane då han fekk traineeplass i Førde.

– Eg har master i Kulturminneforvaltning frå NTNU, og fekk tips frå venner om å søke traineeplassen ved kulturminneavdelinga til Fylkeskommunen. Eg er veldig interessert i eldre hus, spesielt dei på Vestlandet, så dette var perfekt for meg.

 Nytt nettverk

Første tida i Førde følte han seg litt åleine, men traineesamlinga har endra på det og gitt han eit nytt nettverk i fylket.

– Det viser seg at vi er fem trainear i Førde. På samlingane blir vi kasta ut i gruppeaktivitetar og blir fort kjent med kvarandre. Vi blir på ein måte tvungne til å bryte isen.

Han har lenge hatt lyst til å busetje seg på Vestlandet.

– Mamma er frå Sunnmøre, så eg kjente til Sogn og Fjordane frå før. Eg har veldig lyst til å busetje meg her. Vestlandsk byggeskikk i kombinasjon med naturen er utruleg fascinerande og noko eg kunne tenke meg å jobbe med.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.