Rekordmange bedrifter vil vise fram fylket 

Skriven 24.01.2020 under Nyheiter, Trainee

Til tross for eit fylke i omstilling, er det godt å registrere eit arbeidsliv i full fart framover, seier Linda Hovland, som er dagleg leiar i Framtidsfylket.

I skrivande stund er heile 40 bedrifter påmeldt Framtidsfylket Karrieremesse i Trondheim, og over dobbelt så mange i Bergen.

Mange bedrifter ser no at dei må profilere seg mot arbeidsmarknaden på ein heilt anna måte enn tidlegare. Vi er stolte av å kunne legge til rette for ein arena der dei får vist seg fram blant dei største studiemiljøa i landet, seier Hovland.

Fysisk møte er viktig
Førstkommande måndag skal bedrifter frå Vestland ta trønderhovudstaden med storm. Nytt av året er at karrieremessa er lagt til NTNU på dagtid.

Då møter vi studentane der dei er, når dei er der. Bedriftene er plassert strategisk til i ein virvel av studentar til ei kvar tid, seier Hovland.

Framtidsfylket Vestkveld
På kvelden har også bedriftene i Trondheim fått moglegheit til å bli betre kjend med studentane. Påmeldte bedrifter får to gullbillettar dei kan dele ut til potensielle kandidatar dei ønsker å gjere ekstra stas på.

Vi byr då på ein festmiddag, morosam underholdning og moglegheit til å kapre draumejobben. Dette er eit konsept vi har skikkeleg trua på, og vi håpar at bedriftene er flinke til å invitere med seg kandidatar.

Fyller opp Grieghallen
I skrivande stund er over 80 bedrifter påmeldt messa i Bergen, som går av stabelen tysdag 4. februar.

Det er absolutt ein ny rekord. Det blir ei vanvittig god profilering av karrieremoglegheiter i Vestland utanfor Bergen og ikkje minst det gode livet i distriktet.

Bedriftene fortener skryt
Bedriftene har den siste tida vore flinke til å lyse ut ledige stillingar. Det er ikkje til å komme unna at studentane syns det er ekstra attraktivt å snakke med bedrifter som har stillingar ledig, spesielt dei som er på jobbjakt.

Sommarjobbar, fulltidsjobbar og masteroppgåver er svært relevant å skrike høgt om no i forkant av karrieremessene, seier Hovland.

Klimavenlege val
Framtidsfylket har fortsatt ein lang veg å gå, men likar å ta klimavenlege val.

I år har vi gått ut med ei oppmodning om at bedriftene droppar give aways, og heller arrangerer konkurransar med opplevingar som premie. Til dømes festivalpass til ein av dei fantastiske festivalane som vert arrangert i fylket vårt, er ein kjekk premie å vinne.

Gåve med meining
Framfor å kjøpe give aways har Framtidsfylket heller valt å bruke pengane på noko heilt anna. For kvar gjest som er innom karrieremessene, gir dei fem kroner til Unicef sitt arbeid med utdanning for unge.
Dette er ein vinn-vinn-vinn- situasjon i våre auge. Vi håpar det vil lokke fleire til å ta turen innom karrieremessene våre, vi sparar miljøet og vi gir pengar til nokon som trenger det.

Fylket på kino
No er bedriftene i boks for Framtidsfylket, og det gjenstår berre å jobbe for at dei unge kjem på messene.
Dei siste vekene har i fylket vore svært synlege i sosiale medium, både i Framtidsfylket sine eigne kanalar, og andre som er flinke til å dele og invitere. Filmskaparane i Rakkar har produsert ein kanonbra promoteringsvideo som skal gå som kinoreklame på Bergen kino neste veke. Det syns vi er tøft.

 

Gå ikkje glipp av moroa! Meld deg på Framtidsfylket karrieremesse 2020!

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.