Reiel Haugland vil at fleire skal få panikk: – Rekruttering har aldri vore viktigare

Skriven 29.05.2019 under Nyheiter

Framtidsfylket har landa neste års traineekull, og til hausten startar 25 nyutdanna karrieren i Sogn og Fjordane.

Sparebanken Sogn og Fjordane er med vidare i ordninga, men meiner fylket må tenke nytt rundt rekruttering.

– Dagens nyutdanna er svoltne og har høge krav til jobb. Å lokke dei med fin natur er ikkje nok. Vi må ha meir trykk på karriere og jobbmoglegheiter og mindre på kajakk og solnedgangar, seier Reiel Haugland, direktør for innovasjon og teknologi i Sparebanken Sogn og Fjordane. 

Han opplever det som krevjande å rekruttere til teknologiavdelinga i banken og meiner det er på høg tid at vi får litt panikk.

– Alle statistikkar og tal viser at vi nærmar oss ei krise. Det er på tide at Sogn og Fjordane gjer seg relevante for jobbsøkarane og er tydelegare på at det finst spennande jobbar her.

Viktig tiltak i stram rekrutteringsmarknad

Reiel Haugland starta sjølv karrieren som trainee i banken i 2007. Han opplever Framtidsfylkets traineeprogram som positivt i ein stram rekrutteringsmarknad.

– Traineane er ein ressurs for banken. Dei er uredde, pirkar i det etablerte og tilfører nye perspektiv. Dei er ikkje like sett som vi som har vore her ei stund, og ideane deira utviklar oss.

Han trur at mykje av grunnen til at ordninga fungerer så godt, er at traineane får delta i styre og stell og prøve seg på fleire område. Det gjer ordninga attraktiv og lokkar til seg mange søkarar.

650 søkarar til årets traineestillingar i Sogn og Fjordane

– Dei får lov til å involvere seg i det meste. Eg var sjølv ein ustrukturert og uvanleg fyr som gjennom traineeordninga fekk lov til å etablere meg i ein konservativ bransje. Tiltak som traineeprogrammet er heilt nødvendig for å få tak i kompetanse og arbeidskraft.

Alle tre fekk jobb

Sidan 2004 har Sparebanken Sogn og Fjordane hatt 25 trainear. 13 av dei jobbar i banken i dag, og årets tre trainear, Migle Vaicekauskaite, Alexandra Groos Dyvik og Kristine Eriksrød, blir med vidare.

– Det beste med ordninga, i tillegg til ein utfordrande jobb, er at vi bygger nettverk med resten av kullet. Erfaringsutveksling er gull når du er nyutdanna og fersk i jobben, seier dei.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.