Randi Helle Bolstad

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Bachelorgrad i økonomi og administrasjon med spesialisering i samfunnsøkonomi frå Handelshøyskolen BI i Bergen.

Traineestilling

Eg er tilsett som controller ved økonomiavdelinga i Gloppen kommune, og arbeidar tett med økonomisjefen i kommunen. Hovudfokuset mitt ligg på kommunens virksomhetsstyring. I løpet av året som trainee skal eg jobbe med mykje forskjellig. Eg kjem blant anna til å vere innom reknskapsføring og reknskapsrapportering, oppfølging av investeringsprosjekt, budsjettering og budsjettoppfølging, arbeid med periodiske rapportar og mykje meir.

Det er ei kjekk stilling, spesielt sidan eg har så varierte arbeidsoppgåver og ingen dagar er like. Etterkvart skal eg også bli ein racer på det økonomiske effektivitetsverktøyet VISMA.

Difor søkte eg traineestillinga

Som nyutdanna ønskte eg å få arbeidserfaring innan fagfeltet mitt, før eg eventuelt går vidare på ei mastergrad eller andre utfordringar. Eg såg på stillinga som ein moglegheit til å begynne å fylle opp mi faglege «verktøykasse». I tillegg virka jobben spennande og utfordrande, og eg hadde god kjennskap til Gloppen kommune frå før av. Samanlikna med større føretak får ein tidleg mykje meir ansvar og moglegheitar til å vere med på ulike prosjekt. Det ville vere ei stilling som kunne gi meg erfaringar det ville vere vanskelig å få andre stadar.

At stillinga er gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram er eit pluss. Som trainee får eg eit bedre innblikk i oppbygginga av dei ulike avdelingane i kommunen, enn det eg elles ville gjort som vanleg tilsett. Traineesamlingane gir gode moglegheitar for nettverksbygging, sjølvutvikling og faglege utvekslingar på tvers av bransjar, noko som utan tvil vil komme meg til gode på eit seinare tidspunkt.

Refleksjonar rundt karrieremoglegheitane i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane har mykje å by på. Eg er sjølv vaksen opp i Gloppen kommune, og har difor eit relativt godt kjennskap til næringslivet i Nordfjord. Fylket som heilheit har eit spennande og varierande næringsliv. Her finn ein eit bredt spekter av ulike bedrifter og selskap, av ulik storleik og i forskjellige bransjar. I tillegg er det ein god og trygg plass å bu, der alle er velkomne. Det skadar heller ikkje å ha ein slik fantastisk natur rett utanfor døra. Sogn og Fjordane byr på noko for ein kvar smak, og karrieremoglegheitane er mange og gode.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.