Proresult søker trainee

Skriven 28.06.2019 under Nyheiter, Trainee

Det har dukka opp ei heilt ny traineestilling. Søk no og ta del i traineeprogrammet vårt frå hausten av.

Proresult AS er eit teknologifirma i sterk vekst i Førde. No søker dei ein Trainee med passion for programmering.

Proresult tilbyr tilpassa løysingar innan timeregistrering, rapportering, dokumentasjon og prosjektplanlegging for kundar innan ulike segment, og største kundegruppa er bygg- og anleggsbransjen. Arbeidsoppgavene dine vil blant anna vere å utvikle, designe og vidareutvikle Proresult sine programvaresystem.

Innhalsrikt traineeår

Som trainee er du tilsett i ei bedrift i fylket. Denne jobben er basert på ei kontrakt mellom deg og bedrifta, og er elles uavhengig av traineeordninga. I bedrifta har du også ein mentor som skal følge deg opp. I tillegg til ein innhaldsrik jobb, er det beste med å vere trainee at du får ta del i eit fellesskap og eit nettverk med dei andre traineane i fylket.

Faglege fellessamlingar

Fire gongar i løpet av traineeåret deltar du på faglege fellessamlinger – kvar gong på ein ny plass i fylket. Her samlast alle traineane i dei ulike bedriftene for erfaringsutveksling og sosialt samvær. Vi er også på fleire bedriftsbesøk for å bli kjent med næringslivet i Sogn og Fjordane.

Studietur til utlandet

Vi legg òg opp til ein studietur til utlandet i april/mai. Dei siste fire åra har turen gått til Brussel for å studere relasjonar mellom Sogn og Fjordane og EU.

Traineeåret varer frå august til august, og om arbeidsforholdet klaffar, er det sjansar for fast jobb i bedrifta.

Her kan du lese heile stillingsutlysinga.

Frå årets traineetur til utlandet. Heile gjengen samla i Brussel for fagleg inspirasjon og masse hygge. 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.