Pikant trenger deg!

Skriven 10.01.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Restauranten er på terskelen av å opne igjen, men før den tid treng dei nye tilsette til å skape ei god oppleving og atmosfære for besøkande.

Den ikoniske restauranten ved elva Jølstra er for tida under oppussing, og skal etter planen opne i vår med eit nytt konsept. Før det kan skje, treng dei tilsette som kan gi gjestane ei oppleving som står i stil til omgivnadane. Etter at Sunnfjord Restaurantdrift AS vart skipa for å starte opp Pikant igjen, har dei jobba tett for å få på plass alt til den planlagde oppstarten. Utan kokkar, bartendarar, servitørar, kjøkkensjef eller dagleg leiar, er dei unna eit stykke unna å kunne opne dørene til restauranten.

Ei spennande tid

– Det er ei utruleg spennande fase å kome inn på for dei framtidige tilsette. Dei vil kunne få moglegheita til å bringe kreative innspel inn i diskusjonane og legge føringar for korleis framtida til Pikant skal sjå ut, fortel Hugo Mølmesdal som er styreleiar i Sunnfjord Restaurantdrift AS.

Han opplyser også at det fort blir aktuelt for nye tilsette å reise på besøk til andre restauranter for å lære og hente inspirasjon heim til Pikant. For Mølmesdal og resten av investorgruppa, handlar det nemleg om å kunne gjere restaurantopplevinga spesiell for gjestane.

Vil skape ei god oppleving

– Det skal ikkje berre vere god mat i lokalet. Det skal vere ein god oppleving frå dei kjem inn døra og blir tatt godt i mot. Ting som spelar inn for ei god atmosfære og stemning i lokalet er ikkje berre mat, men også lys, lyd og servicen som blir gitt. Dei skal få sjølvsagt få ein god oppleving når dei et og drikk, men det er ikkje berre det som er avgjerande, forklarar Mølmesdal.

Vidare fortel han at det er derfor dei er i ein viktig fase i jakta på dei rette hovuda til å kunne nettopp gi denne gode opplevinga til besøkande. I tillegg til å vere kreative, håpar styreleiaren at jobbsøkjarane til stillingane er opptekne av å skape ein god oppleving for gjestar i restauranten; i tråd med ønsket om å skape ein god atmosfære. Mølmesdal ser likevel på samarbeidsevner som den viktigaste nøkkelfaktoren for å lykkast. Då dei skal fungere godt saman og ha god flyt, vil det vere heilt avgjerande for at det skal fungere i det heile tatt, ifølge investoren.

Ønskjer ikkje å røpe for mykje

Sjølv om det er store rom for nye tilsette til å påvirke menyutvalet på Pikant, har Sunnfjord Restaurantdrift AS lagt nokre føringar for korleis dei ser for seg restauranten med både mat, lys og lyd. Mølmesdal er likevel forsiktig med å avsløre kva dei ser føre seg i framtida.

– Vi har lagt nokre føringar for å kunne tilfredsstille behov som eksisterer, og det marknaden legg tilrette for, seier han med eit smil om munnen.

Her er stillingane som er lyst ut:

Bartender

Servitørar

Kokk

Kjøkkensjef

Dagleg leiar

 

Pikant opnar våren 2020. Fram til då er det berre å smøre seg med tolmodigheit… eller  kanskje kjenner du nokon som kunne passa til ei av dei ledige stillingane?

Søknadsfrist er 15. januar! 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.