Påsketreff i Gloppen med pitch!

Skriven 29.03.2019 under Nyheiter

Nysgjerrig på å bu, jobbe eller skape noko i Gloppen? 16. april arrangerer Gloppen kommune påsketreff.

Heile dagen er fylt med aktivitetar for deg som vil vite meir om tilboda i Gloppen, og du vel sjølv kva du vil delta på. Dagen startar med kaffi og svele i kommunestyresalen kl. 10.00 – 12.00, og her kan du få informasjon om resten av dagen, samt omvising i heradshuset.

Variert program

Utover dagen kan du velje frå eit variert program. Fullstendig program og tidspunkt finn du her.

  • Besøk ulike bedrifter
  • Få omvising i kulturhuset, kulturskulen, Firda vgs og Trivselshallen
  • Test ut aktivitetene i Trivselshallen, som bading, klatring eller tennis
  • Besøk Trivselsskogen og delta på utandørs aktivitetar

Påskepitch

Er du gründer eller har ein god idé? Då bør du sjekke ut Påskepitch som Gloppen kommune og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane arrangerer under Påsketreffet. Verdien på premien er 50.000 kroner! Målet er å få gode idear fram i lyset, og konkurransen er eit lågterskeltilbod til deg som ønsker å presentere ein forretningside, eit nytt produkt, ny teneste eller ein ny måte å gjere noko på. Tuva Eide er forretningsutviklar i Kunnskapsparken og har denne oppmodinga:

– Berre meld deg på! Det skal først og fremst vere gøy å delta, og ein enkel måte å presentere ein ide på. Vi gir deg god rettleiing i forkant, og sjølve pitchen tek berre fem minutt.

Her finn du søknadsskjema og her kan du følgje eventet på Facebook.
Søknadsfrist: 10. april 2019

Brannstasjonen

Om kvelden blir det eit uformelt treff på Brannstasjonen med mingling og lett servering. Her kan du møte fleire lokale bedrifter som ønsker å prate med deg. På programmet står kåring av vinnaren av Påskepitch og programslepp for festivalane i kommunen. Utover kvelden blir det låge skuldrar, musikk og prat.

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.